Foveaux-sundet
Foveaux-sundet er sundet mellom Sørøya og Stewart Island/Rakiura på New Zealand. Den første europearen som oppdaga sundet, var Owen Folger Smith i 1804, og det fekk namn etter Joseph Foveaux som var guvernørløytnant i New South Wales på den tida.

Stewart Island/Rakiura og Foveaux-sundet sett frå Bluff Hill. Foveaux-sundet ligg midt i «dei stormfulle førti» (ved 40. breiddegrad) og er sjeldan så stille som på biletet.
På nordsida av sundet ligg hamna til byen Bluff, på sørsida Stewart Island/Rakiura.
Sundet er eit røft og ofte fårefullt havstykke å segla i, og det har gått med fleire menneskeliv her, også det siste tiåret.