Fox-språket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fox
Andre namn Mesquakie, Sac and Fox, Sauk-Fox
Klassifisering Algisk
 Algonkinsk
  Fox-sauk-kickapoo
Talarar Fox- og saukfolk
Bruk
Tala i USA
Foxtalande i alt 200-1000
Språkkodar
ISO 639-3 sac
Flagget til Sac og fox-nasjonen
Fox-hovdingen Kee-shes-wa, måla av den amerikanske målaren Charles Bird King (1785–1862).

Fox-språket eller meskwaki er eit algonkinsk språk som blir tala av om lag 250 medlemer av fox-sac-folket (også kalla meskwaki, meskwahki og meshkwahkiaki 'raudjordsfolket'), ei etnisk gruppe på om lag 750. Fox-språket blir rekna som ein dialekt av fox-sac-kickapoo. Mange bur i Meskwaki Settlement i Tama County i Iowa og i Sac and Fox Reservation i det sentrale Oklahoma.

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Fox-språket har fire korte og fire lange vokalar og ni konsonantar.[1][2]

Dei fire vokal-fonema kan vere både korte og lange:

Vokalar
Fremre urunda Sentral urunda Bakre runda
Trong iī
Midtre eē oō
Open aā

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

Språket har elleve konsonant-fonem:

Konsonantar
Labial Alveolar Postalveolar Palatal Velar Glottal
Plosiv/affrikat p t c k  
Frikativ s š h
Nasal m n
Halvvokal w y

Alle konsonant-symbola har same verdi som i IPA, bortsett frå c š y, som representerer høvesvis [ʧ ʃ j].

Mellom ein vokal og ein vokal eller halvvokal kan p t c k s š vere stemde, slik at dei er uttala [b d ʤ g z ʒ], medan dei elles er ustemde (og alltid usapirerte), det vil seie [p t ʧ k s ʃ].

Fox har desse konsonantgruppene: hp ht hc hk hm hn sk. I tillegg kan dei fleste einskildkonsonantane og konsonantgruppene fylgjast av halvvokalane w y. Alternativt kan hp ht hc hk analyserast som preaspirerte motsvar til p t c k, det vil seie som ʰp ʰt ʰc ʰk.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Leonard Bloomfield 1925. «Notes on the Fox Language» i International Journal of American Linguistics 3:219-32.
  2. Leonard Bloomfield 1984. Fox – English Lexicon. (HRAFlex Books, NPS-001. Language and Literature Series: Native American Linguistics, 1.) Human Relations Area Files, Inc.: New Haven, Connecticut.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]