Fox on the Run av Sweet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fox on the Run av Sweet
Singel av Sweet
frå albumet Desolation Boulevard
B-side

Miss Demeanor

Utgjeve 7. mars 1975
Innspelt 1974
Sjanger
Lengd 3:24
Selskap RCA Victor
Låtskrivar(ar) Brian Connolly, Steve Priest
Andy Scott, Mick Tucker
Produsent Sweet
Sweet-kronologi
«Peppermint Twist»
(1974)
Fox on the Run av Sweet «Action»
(1975)


«Fox on the Run» er ein song av det britiske bandet Sweet, først spelt inn i 1974. Det var den første Sweet-singelen dei hadde skrive sjølg, i staden for produsentane Nicky Chinn og Mike Chapman, og den 14. singelen deira totalt. «Fox» er eit slangord for ei attraktiv kvinne på engelsk og teksten handlar om ein av groupie-ane til bandet.[4] Bomp! kalla songen «ei definitiv hardrock tyggegummi-singel» og «ein av dei siste glitter-klassikarane».[3]

Det vart spelt inn to versjonar av Sweet. Den originale versjonen vart produsert av Mike Chapman i lag med Nicky Chinn for den europeiske utgåva av albumet Desolation Boulevard. Sweet spelte òg inn ein meir pop-orientert versjon som 7"-singel i 1975, som er den meir kjende versjonen av songen. Singelversjonen frå 1975 kom ut på Capitol Records-utgåva av Desolation Boulevard.

Songen gjorde det særs godt i Australia og låg seks veker på toppen av lista der, mellom august og september 1975. Det vart den bestseljande singelen i Australia det året.[5]

Songen er med i fleire filmar, inkludert Dazed and Confused, Detroit Rock City, When in Rome, Catch .44, Lords of Dogtown og The Goods: Live Hard, Sell Hard. Han er òg nytta i traileren for Guardians of the Galaxy Vol. 2 som førte til at songen gjekk til topps på iTunes Rock Chart seint i 2016.[6][7]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975–76) Plassering
Australia 1
Austerrike 3
Canada 2
Danmark 1
Finland 10
Tyskland 1
Irland 2
Nederland (Single Top 100)[8] 2
New Zealand[9] 3
Noreg 2
Sør-Afrika (Springbok Radio)[10] 1
Sverige 10
Sveits [11] 3
UK[12] 2
U.S. Billboard Hot 100[13] 5
U.S. Cash Box Top 100 5

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Passering
Australia[14] 1
Nederland[15] 19
New Zealand[16] 12
Sør-Afrika[17] 2
Liste (1976) Passering
Canada[18] 37
UK[19] 37
US Billboard Hot 100[20] 76
US Cash Box[21] 63

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Scorpions-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Fuchs geh' voran
Singel av Scorpions
Utgjeve 1975
Sjanger Hardrock
Lengd 3:17
Låtskrivar(ar) Brian Connolly, Steve Priest
Andy Scott, Mick Tucker

«Fuchs geh' voran» er ein tyskspråkleg versjon av songen med ein tekst om ein rev som vert jaga av pelsjegerar. Han kom ut på singel i 1975 av det tyske rockebandet Scorpions som The Hunters. B-sida var ein tyskspråkleg versjon av ein annan Sweet-song, «Action», som «Wenn es richtig losgeht».

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Mange artistar og grupper har spelt denne songen, som The Regrettes (for AV Undercover-serien) Eric Singer, Girlschool, Red Hot Chili Peppers, You Am I, Mad Max, Deadsy, Frankenstein Drag Queens from Planet 13, Ace Frehley, Make-Up, The Academy Is..., Sweet Savage, og Nip Drivers for Desperate Teenage Lovedolls. Ei innspeling frå 1986 av The Replacements kom ut i 2017 på konsertalbumet For Sale: Live at Maxwell's 1986.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas. «Desolation Boulevard - Sweet | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 3. november 2019. 
  2. Cantwell, David (4. november 1998). «Power Pop It Ain't». MTV News. Henta 10. mai 2016. 
  3. 3,0 3,1 Barnes, Ken (March 1978). «The Glitter Era: Teenage Rampage». Bomp!. Henta 1. oktober 2021 – via Rock's Backpages. 
  4. «Fox On The Run by Sweet». Songfacts. 
  5. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. .
  6. «Sweet's «Fox on the Run» Tops iTunes Rock Chart Thanks to «Guardians of the Galaxy 2» Trailer». ABC News Radio. 5. desember 2016. 
  7. Shepard, Jack (19. april 2017). «Sporliste for Guardians of the Galaxy's Awesome Mixtape Vol. 2 revealed». The Independent. Henta 2. oktober 2021. 
  8. «Singles 1975». Dutch Charts Annual Reviews. 
  9. «NZ Top 40 Singles Chart». The Official New Zealand Music Chart. 18. august 1975. Henta 10. oktober 2016. 
  10. «SA Charts 1965–March 1989». Rock.co.za. Henta 1. september 2018. 
  11. «The Sweet - Fox On The Run». Schweizer Hitparade. Henta 12. oktober 2021. 
  12. «UK Official Charts». Official Charts Company. 2019. Henta 1. oktober 2021. 
  13. Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research. 1991. ISBN 0-89820-089-X. 
  14. «Australian Chart Book». Australian Chart Book. Arkivert frå originalen 5. mars 2016. Henta 10. oktober 2016. 
  15. «Jaaroverzichten – Single 1975». Dutchcharts.nl (på nederlandsk). Henta 13. mars 2018. 
  16. «Top Selling Singles of 1975». The Official New Zealand Music Chart. 31. desember 1975. Henta 10. oktober 2016. 
  17. «Top 20 Hit Singles of 1975». Rock.co.za. Henta 2. september 2018. 
  18. «Top Singles – Volume 26, No. 14 & 15, 8. januar 1977». RPM (Library and Archives Canada). Arkivert frå originalen 19. mars 2016. Henta 13. mars 2016. 
  19. «Britain's best selling records of '75». Record Mirror (London: Billboard): 12. 10. januar 1976. Henta 13. juni 2016. 
  20. «Singles». Billboard 88 (52). 25. desember 1976. ISSN 0006-2510. 
  21. «The CASH BOX Year-End Charts: 1976». Henta 5. juni 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]