Fräkne skipreide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Fräkne (Frikna, Fregne) skipreide var ei skipreide i søre Båhuslen. Ho femna om soknene Forshälla, Resteröd, Ljung og Grinneröd, som i dag utgjer søre delen av Uddevalla kommun.

Då heile Båhuslen vart svensk territorium etter freden i Roskilde i 1658 vart skipreidene i landskapet innlemma i den svenske heradsordninga, og Fräkne skipreide vart omskipa til Inlands Fräkne härad.