Frøperle



Frøperle eller rocaille[1][2] er små, einskapleg utforma perler til perlearbeid som kan vera under ein millimeter til nokre millimeter vidde. Dei er vanlegvis runde, men kan også vera meir sylindriske i utforming eller ha andre former. Dei kan brukast til perleveving, broderi, smykke og liknande. Dei fleste frøperler blir laga i Japan og Tsjekkia.
Storleiken på denne typen perler blir oppgjeven som 1/0 eller 1/°, 2/0 eller 2/° og så bortetter, med større tal for mindre storleikar. Den største storleiken på frøperler er vanlegvis 5/°, som er kring 5 mm vide. Det blir laga storleikar ned til 15/°. Tidlegare blei det også laga endå mindre perler.[3] Storleiken er ikkje standardisert, og kan variera mellom ulike produsentar.[4][5][6] Tabellen under gjev eit oversyn over tilnærma storleikar.
Storleiksnemning | Diameter (mm) |
---|---|
1/0 | 6,5 |
2/0 | 6,0 |
3/0 | 5,5 |
4/0 | 5,0 |
5/0 | 4,5 |
6/0 | 4,0–4,3 |
7/0 | 3,4–4,0 |
8/0 | 2,5–3,1 |
9/0 | 2,2–2.,7 |
10/0 | 2,0–2,3 |
11/0 | 1,8–2,1 |
12/0 | 1,7–1,9 |
13/0 | 1,5–1,7 |
14/0 | 1,4–1,6 |
15/0 | 1,30–1,40 |
16/0 | 1,25–1,35 |
17/0 | 1,2 |
18/0 | 1,15–1,20 |
20/0 | 1,0–1,17 |
22/0 | 1,02 |
24/0 | 0,91 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Rocaille | Definition of Rocaille by Oxford Dictionary on Lexico.com also meaning of Rocaille». Lexico Dictionaries | English (på engelsk). Arkivert frå originalen July 26, 2019. Henta 10. august 2020.
- ↑ «Difference between E beads, rocaille beads, and seed beads? (spoilers: nothing)». BoudiccaNox (på engelsk). 21. mars 2014. Henta 10. august 2020.
- ↑ Weiss, Lesley. "Seed Beads." The Best of Bead and Button Magazine. Side 7.
- ↑ Alden 2009, p. 136
- ↑ Shimonagase 2005, p. 96
- ↑ Day 2006, p. 16
- Denne artikkelen bygger på «Seed bead» frå Wikipedia på engelsk, den 19. april 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Bibliografi
- Alden, Nancy (2009). Simply Gemstones: Designs for Creating Beaded Gemstone Jewelry. New York, NY: Random House. ISBN 978-0-307-45135-4.
- Day, Chrissie (2006). Wire Jewelry: Crocheted, Knitted, Twisted and Beaded. F+W Media. ISBN 9781581808810.
- Gourley, Elizabeth; Davis, Jane; Talbott, Ellen (2006). Art of Seed Beading. New York, NY: Sterling. ISBN 978-0-8069-7829-1.
- Shimonagase, Minako (2005). Bead Flowers. Japan Publications Trading Company. ISBN 9784889961904.