Frøylandsvatnet
- Sjå òg Frøylandsvatnet i Sandnes.
Frøylandsvatnet | |||
innsjø | |||
Utsyn over Frøylandsvatnet.
(Foto: Ranveig Thattai) | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Rogaland | ||
Kommunar | Klepp, Time | ||
Høgd over havet | 24 moh. | ||
Areal | 4,83 km² | ||
Kystlengd1 | 24,10 km | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
![]() Frøylandsvatnet | |||
Wikimedia Commons: Frøylandsvatnet | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Frøylandsvatnet er ein innsjø i landskapet Jæren. Grensa mellom kommunane Klepp og Time i Rogaland fylke går gjennom vatnet. Tettstadene Bryne, Klepp stasjon og Kvernaland ligg alle ved Frøylandsvatnet.
Som Frøyland, er vatnet kalla opp etter den norrøne guden Frøy.
Økologi[endre | endre wikiteksten]
Tidleg på 1980-talet blei innsjøen identifisert som eit av dei mest overgjødsla i Noreg. Giftige alger som voks på grunn av dette førte mellom anna til at fleire kyr som drakk av vatnet døydde.[treng kjelde] Aksjon Frøylandsvatnet blei danna for å jobba med problemet. Vatnet ligg midt i eit intensivt landbruksområde.
Utsleppa av næringsmiddel som nitrogen og fosfor er blitt reduserte, men oppsamla sediment i den grunne innsjøen gjer at tiltaka ikkje har hatt så stor verknad.
Kultur[endre | endre wikiteksten]
Historie[endre | endre wikiteksten]
Ei soge frå vikingtida fortel at Astrid frå Obrestad, svanger med Olav Tryggvason, gøymde seg på ein holme i vatnet då mannen hennar Tryggve Olavsson blei drepen i kamp og ho sjølv blei forfølgd av Eiriksønene. Ei segn seier at den framtidige kongen vart fødd på Lalandsholmen. Det er sett opp ein minnestein ved turvegen om dette.
Idrett[endre | endre wikiteksten]
Frøylandsvatnet rundt er eit løp på 16,6 km som blir arrangert årleg. Det blir òg halde ulike rokonkurransar i sjølve vatnet. På vinteren, når tilhøva er gode, er det mogeleg å gå på skeiser frå Bryne til Kvernaland.