Frøystul fjellkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frøystul fjellkyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Øvre Telemark
Fellesråd Tinn
Type Sportskapell
Material Tre
Innvigd 30. august 1950
Kyrkjegard Nei
Orgel Harmonium frå Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk
Sitjeplassar 70
Kart
Frøystul fjellkyrkje
59°49′42″ N 8°21′4″ E
Wikimedia Commons: Frøystul fjellkirke

Frøystul fjellkyrkje er eit sportskapell i Tinn kommune i Telemark fylke.

Fjellkyrkja står eit par mil vest for tettstaden Rjukan og seiast å vere bygd av det som tidlegare var biljardhus ved Krokan hotell. I området skal det ha vore ei kyrkje i mellomalderen. Kyrkja vart teken i bruk 14. august 1949 og innvigd 30. august året etter. Ho skal ha vorte utvida eit par gonger etter dette.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Forutan Henriksveen (1986) bygger framstillinga på ei nettside hos Tinn kyrkjelege fellesråd som sidan er fjerna frå nettet. Same påstand finn ein hos Visitrjukan.com. Tilbygga er skildra i visitasforedag frå 2003 (teke av nettet).
Spire Denne kyrkjeartikkelen som har med Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.