Fragment

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Greske keramikkfragment frå den yngre steinalderen.

Fragment (frå latin, av frangere, ‘bryte’) er eit brotstykke av noko større.[1]

Det er vanleg å finna fragment i forsking på eldre tider. Innan arkeologi kan ein til dømes finna fragment av folk, dyr, byggverk og objekt frå tidlegare tider.[2][3]

Pergament-fragment som innheld delar av eit Sapfo-dikt kjent som «Sapfo 94».

Innan tekst- og litteraturhistorie kan det førekoma at at tekstar berre finst att i brokkar, til dømes fordi berre fragment av materialet dei er skrivne på er bevarte, innskrifter er forvitra eller berre delar av teksten er blitt kopiert for ettertida. Ein kan finna tekstfragment gjennom palimpsest, der same overflata er blitt brukt til å skriva på fleire gonger, elle gjenbruk av skrivemateriale i bokbinding.

Sapfo er eit kjent døme på ein diktar ein nesten berre kjenner frå fragment. Gamle innskrifter som runesteinar og liknande kan vera skadde eller forvitra, slik at ein berre kan lesa brotstykke.

Fragmenterte tekstar kan også vera eit litterært verkemiddel. Det blei mykje brukt i romantikken, og er mellom anna vanleg i tysk litteratur frå denne perioden. Innan engelsk litteratur er eit kjent døme Coleridge sitt ufullendte dikt «Kubla Khan; or, A Vision in a Dream: A Fragment». som han gav ut i 1816.

Fragmentering kan vera eit framtredande trekk ved postmoderne litteratur, der plott, figurar, tema, skildringar eller fakta kan vera fragmenterte og spreidde rundt i verket.[4] Dimitris Lyacos har til dømes nytta fragment-sekvensar for å formidla ei forvirra verd.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «fragment». Store norske leksikon (på norsk). 4. mai 2018. 
  2. hemligheter, Stenarnas, «Stenarnas hemligheter...», www.arkeologigamlauppsala.se (på svensk), arkivert frå originalen 22. juli 2019, henta 22. juli 2019 
  3. Widler, Jonas (2005). «Fragment från det förflutna- En analys av ovala spännbucklor från Uppåkra». 
  4. H.T Lehmann, Postdramatic Theatre, s. 88. Rutledge 2005.
  5. Fran Mason (2016). Lycaos, Dimitri (1966-). Historical Dictionary of Postmodern Literature and Theatre (Rowman and Littlefeld). s. 276.