Fraidy Cat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Fraidy Cat er ein komisk teiknefilmserie for barn som kom ut i 1975. Han var del opphavleg ein del av den kortliva serien Uncle Croc's Block på den amerikanske fjernsynskanalen ABC. Han vart produsert av Filmation og Chanel One Home Video.

Fraidy Cat - den livredde katten… kom ut som norsk video i 1986. Viking Media A/S stod ansvarleg for den norske utgjevinga. Filmen er 80 minutt lang, og kom ut i fargar. Aldersgrensa vart sett til fem år.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Fraidy Cat er ein nevrotisk katt som har mista åtte av dei ni liva sine. Forfedrane frå dei åtte førre liva kjem tilbake til Fraidy som spøkjelse kvar gong han seier eit tal frå 1 til 8, medan liv nummer ni kjem i form av ei spøkjelsessky som prøver å drepe Fraidy med lyn og torevêr. Videoen frå 1986 inneheld tolv samanfletta forteljingar der dei skilde forfedrane prøver å hjelpe Fraidy ut av kniper – men utan særleg hell.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]