Framsókn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Må ikkje forvekslast med Framsóknarflokkurin eller Framsóknarflokkurinn.
Framsókn
Grunnleggjande
Statistikk
Tilknytingar

Framsókn (norsk omsetjing: «Framsteg») er eit liberalt og separatistisk politisk parti på Færøyene. Formannen Poul Michelsen skildrar partiet som «eit liberalt nasjonalparti».[1][2] Partiet står sterkast i hovudstaden Tórshavn og omgjevnadene.

Partiet vart stifta den 9. marsen 2011 av Poul Michelsen og Hanna Jensen, som begge braut med Fólkaflokkurin.[3] Skipingsmøtet samla om lag 120 personar, fleire enn landsmøta til dei store partia.[4] Poul Michelsen har vore formann i partiorganisasjonen og lagtinggruppa frå byrjinga, medan Hanna Jensen er nestformannen til partiet og innvalgt i kommunestyret i Eysturkommuna. Blant andre som kom tidleg med i Framsókn, kan nemnast Sámal Petur í Grund, tidlegare minister og formann i Sjálvstýrisflokkurin; Jákup Sverri Kass, luftfartsdirektør og tidlegare lagtingmedlem for Sjálvstýrisflokkurin; Hans A. Norðfoss, tidlegare nestformann i HUXA; og forretningsmannen Tróndur Djurhuus.[5]

Den 6. april 2011 vart 2 300 veljarfråsegner overlevert til statsminister Kaj Leo Johannesen, og den 13. april fekk partiet rett til å stille til neste lagtingval.[6][7] Ungdomsorganisasjonen til partiet, Framsøkin Ungdómur, vart stifta den 12. august 2011.[8] Ved lagtingvalet i oktober 2011 fekk partiet 6,3 % av røystene og to medlemmar av Lagtinget, Poul Michelsen og Janus Rein. Rein melde seinare seg ut av partiet og inn i Fólkaflokkurin.

Ved valet i september 2015 fekk Framsókn på ny valt to medlemmar av Lagtinget, Poul Michelsen og Hanna Jensen. Framsókn danna koalisjonsregjering med Javnaðarflokkurin og Tjóðveldi med Michelsen som utanriks- og næringsminister.[9] I nokre dagar hausten 2015 melde Annika Olsen frå Fólkaflokkurin overgang til Framsókn.[10]

Valhistorikk[endre | endre wikiteksten]

Lagtingval
År Røyster Mandat
# %
2011 1 933 6,3
2 / 33
2015 2 239 7,0
2 / 33
 
Folketingval
År Stemmar Mandat
# %
2011 672 3,3
0 / 2
2015 749 3,2
0 / 2

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tom referanse? (hjelp) 
  2. Tom referanse? (hjelp) 
  3. Tom referanse? (hjelp) 
  4. Tom referanse? (hjelp) 
  5. Tom referanse? (hjelp) 
  6. Tom referanse? (hjelp) 
  7. Tom referanse? (hjelp) 
  8. Tom referanse? (hjelp) 
  9. Tom referanse? (hjelp) 
  10. Tom referanse? (hjelp) 

Eksterne lenkjer[endre | endre wikiteksten]