François-Marie de Broglie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
François-Marie de Broglie
Portrait of François Marie de Broglie, Duke of Broglie, Marshal of France (member of the circle of Hyacinthe Rigaud).jpg
Fødd 11. januar 1671
Paris
Død

22. mai 1745
Broglie

Yrke diplomat, militær
François-Marie de Broglie på Commons

François-Marie de Broglie, seinare 1. duc de Broglie, (11. januar 167122. mai 1745), den tredje sonen til Victor-Maurice de Broglie, var ein fransk militær leiar. Han vart kalla opp etter bestefaren, som var den første comte de Broglie i Frankrike.

Han gjekk inn i hæren i tidleg alder og hadde ei variert karrière før han 23 år gammal vart oberstløytnant i kavaleriregimentet til kongen.

Han tente kontinuerleg under den spanske arvefølgjekrigen og var til stades under slaget ved Malplaquet. Han vart generalløytnant i 1710 og tente med Villars i det siste felttoget i krigen og ved slaget ved Denain. I fredstida heldt han fram karrièren innan militæret og i 1719 vart han generaldirektør for kavaleriet og dragonane. Han vart òg sett til diplomatiske oppgåver og var ambassadør i England i 1724.

Krigen i Italia førte han ut i felten att i 1733, og året etter vart han fransk marskalk. I felttoget i 1734 var han ein av dei øvstkommanderande på den franske sida, og kjempa i slaga ved Parma og Guastalla. Ei kjend hending då han så vidt klarte å rømme då fienden storma forlegningen hans i Secchia (slaget ved Quistello) natt til 14. september 1734.

I 1735 vart han erstatta av marskalk de Noailles. Han vart generalguvernør i AlsaceFredrik den store uventa vitja Strasbourg i 1740.

I 1742, under den austerrikske arvefølgjekrigen vart Broglie kommandør av den franske hæren i Tyskland, men leiareigenskapane hans svikta han. Han hadde alltid vore forsiktig og trygg, og mangla fleksibilitet og djervskap. Det einaste han lukkast med i krigen var å erobre område Sahay (25. mai 1742), som han fekk tittelen hertug av Broglie for og vart pair av Frankrike. Han returnerte til Frankrike i 1743 og døydde to år seinare.

Han var far til Victor-François de Broglie og Charles-François de Broglie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]