François Asselineau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
François Asselineau

Leiar av UPR frå 25. mars 2007
PartiPopular Republican Union, Rally for France, Rassemblement pour l'indépendance et la souveraineté de la France
Fødd14. september 1957
FødestadParis
MedlemHEC Alumni

François Asselineau (fødd 14. september 1957) er ein fransk politikar for partiet Union populaire républicaine, UPR, som har som mål å få Frankrike ut av Den europeiske unionen og den tilhøyrande eurosona, der valutaen euro nyttast, og likeeins få landet ut av militæralliansen NATO. Før Asselineau skipa dette partiet i 2007, hadde han vore medlem i Rassemblement pour la France (RPF).

François Asselineau, som er Inspecteur général des finances og økonomiprofessor, vart engasjert i politikken i 1999 for fyrste gong ved å gå inn i det nasjonalkonservative euroskeptiske politiske partiet Rassemblement pour la France (RPF) (Rassemblement pour la France et l’indépendance de l’Europe, «Samling for Frankrike og for Europas sjølvstende»‎). I dette partiet vona han å finne ein ny gaullisme, altså ein politikk som bygde på det ideologiske arvegodset etter president Charles de Gaulle.

På femtiårsdagen 25. mars 2007 for underteikninga av Romatraktaten, traktaten mellom dei seks europeiske landa som la det formelle grunnlaget for forløparen til Den europeiske unionen, skipa François Asselineau den nye politiske rørsla som fekk namnet l’Union Populaire Républicaine (UPR, «Den folkelige republikanske union»). Dette er ei rørsle som har som sitt fremste føremål å få Frankrike til einsidig, demokratisk og i samsvar med den internasjonale retten å gå ut av Den europeiske unionen. Brotet med unionen, som Union Populaire Républicaine framhever å vere den einaste av dei politiske rørslene som klart og tydeleg seier å ha som sitt mål, hevdast å vere nøkkelen til å kunne gje til det franske demokratiet eit reelt innhald, atterreise økonomien og verne om alt som er oppnådd av sosiale gode.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]