Françoise Hardy
| Françoise Hardy | |||
| | |||
| Fødd | 17. januar 1944 | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | 9. arrondissement i Paris, Paris | ||
| Død | 11. juni 2024 (80 år) | ||
| Dødsstad | American Hospital of Paris, Neuilly-sur-Seine | ||
| Fødenamn | Françoise Hardy | ||
| Opphav | Frankrike | ||
| Aktiv | 1962–2021 | ||
| Sjanger | fransk popmusikk, varietet, chanson, ballade, bossa nova, twist-dans, sakte | ||
| Instrument | vokal | ||
| Plateselskap | Disques Vogue, Philips Records, Pathé, Virgin Records | ||
| Verka som | astrolog, songar, låtskrivar, skribent, skodespelar, songar-låtskrivar | ||
| Gift med | Jacques Dutronc | ||
| Born | Thomas Dutronc | ||
| Prisar | Victoires de la Musique – Female artist of the year | ||
Françoise Madeleine Hardy[a] (17. januar 1944–11. juni 2024) var ein fransk songar, gitarist, skodespelar og låtskrivar. Ho debuterte musikalsk tidleg i 1960-åra på Disques Vogue og fekk suksess med songen «Tous les garçons et les filles».[1] Ho blei raskt ein av dei mest populære popartistane i Frankrike og ein frontfigur i den såkalla yé-yé-bølgja som voks fram i Frankrike i 1960-åra.[2] Ho fekk anerkjenning frå musikkritikarar og musikkelskarar for fleire av singlane og albuma sine. Hardy blir rekna som eit fransk popikon og ikon for 1960-talet i heimlandet.[2][3]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Hardy spelte inn plater og songar på fleire språk, og vart beundra av musikarar som Bob Dylan, Miles Davis og Mick Jagger.[4][5][6] Med hjelp frå fotografen Jean-Marie Périer byrja Hardy òg som modell og blei eit moteikon.[4] I 1963 representerte ho Monaco i Eurovision Song Contest og blei nummer fem. I 1965 fekk ho to singlar på den britiske hitlista: «Et même» og «All Over the World».[7]
Då yé-yé-tida gjekk mot slutten seint på 1960-talet, endra Hardy stil frå «søt og yndig popjente» til ein meir moden og fasjonabel stil. Ho byrja eit musikalsk samarbeid med låtskrivarar som Patrick Modiano og Serge Gainsbourg. Med sistnemnde fekk ho også ein hit med songen «Comment te dire adieu» i 1968. Ho fekk også mykje anerkjenning og ros for albumet La question i 1971. Hardy var ein anerkjend og populær person innan fransk musikk og kunst, og ho hadde status som fransk popikon.[8][9][10] Ho fekk også høg status innan homokulturen, og ved fleire høve uttalte ho at dei «mest inderlege vennane og tilhengjararane» hennar var homofile.[11]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Studioalbum
[endre | endre wikiteksten]- 1962: Tous les garçons et les filles – utgitt i USA i 1965 under tittelen The "Yeh-Yeh" Girl from Paris!
- 1963: Le premier bonheur du jour
- 1963: Françoise Hardy canta per voi in italiano
- 1964: Mon amie la rose
- 1965: In Deutschland
- 1965: L'Amitié
- 1966: Françoise Hardy Sings in English
- 1966: La maison où j'ai grandi
- 1967: Ma jeunesse fout le camp...
- 1968: En anglais
- 1968: Comment te dire adieu
- 1969: One-Nine-Seven-Zero
- 1970: Träume
- 1970: Soleil
- 1971: La question
- 1971: 4th English Album
- 1972: Et si je m'en vais avant toi
- 1973: Message personnel
- 1974: Entr'acte
- 1977: Star
- 1978: J'écoute de la musique saoûle
- 1980: Gin Tonic
- 1981: À suivre
- 1982: Quelqu'un qui s'en va
- 1988: Décalages
- 1996: Le danger
- 2000: Clair-obscur
- 2004: Tant de belles choses
- 2006: (Parenthèses...)
- 2010: La pluie sans parapluie
- 2012: L'Amour fou
- 2018: Personne d'autre
Samlealbum
[endre | endre wikiteksten]- 1970: Françoise
- 1970: Françoise in Italian
- 1977: Double Disque D'Or de Francoise Hardy
- 2001: Frag' den Abenwind
- 2013: Midnight Blues: Paris, London, 1968–72
Singlar (utval)
[endre | endre wikiteksten]| År | Singel | Listeplasseringer | ||
|---|---|---|---|---|
| AUS | FRA[12] | STO[7] | ||
| 1962 | «Tous les garçons et les filles» | – | 1 | 36 |
| «J'suis d'accord» | – | 1 | – | |
| «Le Temps de l'amour» | – | 1 | – | |
| 1963 | «Le Premier Bonheur du jour» | – | – | |
| «L'amour s'en va» | – | – | ||
| 1964 | «Only Friends» («Ton meilleur ami») | – | – | |
| «Mon amie la rose» | – | – | ||
| «Je n'attends plus personne» | – | – | ||
| «Et même» | – | 31 | ||
| 1965 | «All Over the World» («Dans le monde entier») | – | 16 | |
| «L'Amitié» | – | – | ||
| «Only You Can Do It» («Je veux qu'il revienne») | 22 | – | ||
| 1966 | «La maison où j'ai grandi» («Il ragazzo della via Gluck») | – | – | |
| 1967 | «Just Call and I'll Be There» («Le Temps des souvenirs») | 83 | – | |
| «Des ronds dans l'eau» | – | – | ||
| «Voilà» | – | – | ||
| 1968 | «Comment te dire adieu» («It Hurts to Say Goodbye») | – | – | |
| 1970 | «Fleur de lune» | – | – | |
| 1973 | «Message personnel» | – | – | |
| 1978 | «J'écoute de la musique saoûle» | – | – | |
| 2000 | «Puisque vous partez en voyage» | – | – | |
| 2004 | «Tant de belles choses» | – | – | |
| 2016 | «True Love Ways» | – | – | |
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ fransk: [fʁɑ̃swaːz aʁdi]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «TOUS LES GARÇONS ET LES FILLES på ulike singellister». Schweizer Hitparade. Hung Medien. Henta 1. januar 2019.
- 1 2 O'Hagan, Sean (29. april 2018). «Françoise Hardy: ‘I sing about death in a symbolic, even positive way’». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077.
- ↑ «Selv om hun ikke var en internasjonal popstjerne, var alle forelsket i henne». www.dagsavisen.no (på norsk). Henta 1. januar 2019.
- 1 2 «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 30. april 2018. Henta 1. januar 2019.
- ↑ Andrew, John (26. november 2011). «Tour de Françoise: A writer catches up with 1960s icon Françoise Hardy». Daily Mail. Henta 27. oktober 2016.
- ↑ «TOUS LES GARÇONS ET LES FILLES på ulike singellister». Schweizer Hitparade. Hung Medien. Henta 1. januar 2019.
- 1 2 «FRANCOISE HARDY | full Official Chart History | Official Charts Company». www.officialcharts.com. Henta 1. januar 2019.
- ↑ "Françoise Hardy", in Unknown legends of rock 'n' roll: psychedelic unknowns, mad geniuses, punk pioneers, lo-fi mavericks & more, Richie Unterberger, Hal Leonard Corporation, 1998, ISBN 0-87930-534-7 p. 177 ff
- ↑ Belle and Sebastian: Just a Modern Rock Story, Paul Whitelaw, Macmillan, 2005, ISBN 0-312-34137-7 p. 64
- ↑ Cañas, Gabriela (2. mai 2015). «La tercera edad de un icono del pop francés». El País (på spansk). Ediciones El País, S.L. Henta 14. november 2016.
- ↑ Guilbert, Georges-Claude (30. mai 2018). Gay Icons: The (Mostly) Female Entertainers Gay Men Love. McFarland. s. 85–86. Henta 1. august 2018.
- ↑ «TOUS LES GARÇONS ET LES FILLES på ulike singellister». Schweizer Hitparade. Hung Medien. Henta 1. januar 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Françoise Hardy» frå Wikipedia på bokmål, den 12. januar 2026.