Frances McDormand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frances McDormand

Fødd23. juni 1957 (66 år)
FødestadGibson City
FødenamnCynthia Ann Smith
Aktive år1982–
Verka somfilmskodespelar, karakterskodespelar, teaterskodespelar, fjernsynsskodespelar, stemmeskodespelar, skodespelar, fjernsynsprodusent, filmprodusent
EktefelleJoel Coen
PrisarOscar for beste kvinnelege hovudrolle, Tony Award for Best Actress in a Play, BAFTA Award for Best Actress in a Leading Role, Golden Globe Award for Best Actress – Motion Picture Drama, Independent Spirit Awards, Screen Actors Guild Award, Oscar for beste kvinnelege hovudrolle, Golden Globe Award for Best Supporting Actress – Motion Picture, Primetime Emmy Award for Outstanding Lead Actress in a Miniseries or a Movie, Oscar for beste kvinnelege hovudrolle, Drama Desk Award for Outstanding Actress in a Play

Frances Louise McDormand (fødd 23. juni 1957) er ein amerikansk skodespelar. Ho har blant anna spelt i Three Billboards Outside Ebbing, Missouri, Blood Simple (1984), Arizona junior (1987), Fargo (1996), The Man Who Wasn't There (2001) og Burn After Reading (2008).

McDormand vann Oscar for beste kvinnelege hovudrolle for rolla som politikvinna Marge Gunderson i Fargo og for rolla si i Three Billboards Outside Ebbing, Missouri. Ho har òg vorte nominert til tre oscarprisar for beste kvinnelege birolle: For rolla som fru Pell i filmen Mississippi i flammer (1988), for rolla som Elaine Miller i filmen Almost Famous (2000) og for rolla som Glory Dodge i filmen North Country (2005).

McDormand er gift med filmskaparen Joel Coen.

Filmografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • 1984 – Blood Simple
  • 1987 – Arizona junior
  • 1988 – Mississippi i flammer
  • 1996 – Fargo
  • 2000 – Wonder Boys
  • 2003 – Når du minst venter det..
  • 2005 – North Country
  • 2006 – Venner med penger
  • 2008 – Burn After Reading
  • 2011 – Transformers: Dark of the Moon
  • 2012 – Moonrise Kingdom
  • 2012 – Madagaskar 3: Full rulle i Europa
  • 2015 – Den gode dinosaur
  • 2017 – Three Billboards Outside Ebbing, Missouri

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Frances McDormand