Francesca Lollobrigida
| Francesca Lollobrigida | |
| Statsborgarskap | Italia |
| Fødd | 7. februar 1991 (35 år) Frascati |
| Idrett | hurtigløp på inline-skøyter, lengdeløp på skeiser |
| Tok del i | Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2014 – 3000 meter kvinner, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2018 – 1500 meter kvinner, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2018 – 3000 meter kvinner, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2018 – Fellesstart kvinner, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2022 – 1500 meter kvinner, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2022 – 3000 meter kvinner, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2022 – 5000 meter kvinner, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2022 – Fellesstart kvinner, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2026 – 3000 meter kvinner |
| Utmerkingar | Gullkraven for sportslig fortjeneste |
Francesca Lollobrigida (fødd 7. februar 1991) er ein italiensk skeiseløpar frå Frascati i Lazio-regionen. Ho vart i 2026 olympisk meister på 3 000 meter og 5 000 meter lengdeløp under dei olympiske leikane i Milano. Lollobrigida har i mange år tevla også på rulleskeiser og i kortbaneløp. Skodespelaren Gina Lollobrigida var grandtanta hennar.
Lengdeløp
[endre | endre wikiteksten]Francesca tok del i internasjonale meisterskap i lengdeløp frå 2013. Før 2018 nådde ho ikkje opp i det ypparste tetsjiktet. I januar 2018 lukkast ho knipe gullmedaljen på fellesstarten ved europameisterskapen i enkeltdistansar. Året etter kom ho på tredjeplass i Europameisterskapen på skeiser 2019 i Collalbo, hennar einaste pallplass i eit internasjonal firkamp-meisterskap. Vinteren 2020 gjekk ho inn til sølv på fellesstarten og bronse på 3 000 m i EM enkeltdistansar. Ein sølv- og ein bronsemedalje sikra ho seg også under Vinter-OL 2022 i Beijing, medaljane kom på høvesvis fellesstart og 3 000 m.
I mars 2025 slo Lollobrigida norske Ragne Wiklund med 0,18 sekund på 5 000-meteren og tok gullmedaljen under VM enkeltdistansar på Hamar. Dagen etter fekk ho bronsen i fellesstarten. Høgdepunktet kom då ho under Vinter-OL 2026 gjorde ho sitt livs løp på 3 000 meter og slo sølvmedaljør Wiklund med over 2 sekund. Fem dagar seinare lukkast ho vinne gullmedaljen på 5 000-meteren, einast 10 og 17 hundredels sekund føre nummer 2 og 3 i tevlinga.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Francesca Lollobrigida» frå Wikipedia på nederlandsk, den 10. mars 2026.