Francesco Geminiani

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Francesco Geminiani

Francesco Geminiani
Fødd1687
FødestadLucca i Italia
Død17. september 1762 (75 år)
DødsstadDublin i Irland
FødenamnFrancesco Xaverio Geminiani
OpphavRepublic of Lucca, Kongeriket Storbritannia
PeriodeBarokken
Aktiv1716-1761
SjangerConcerto, kammermusikk, orkestermusikk
Verka somKomponist

Francesco Xaverio Geminiani (fødd 5. desember 1687 i Lucca, daud 17. september 1762 i Dublin) var ein italiensk komponist og fiolinvirtuos.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Geminiani var fødd i Lucca der han blei døypt den 5. desember 1687. Faren gav han den første musikkundervisninga. Opplæring i fiolinspel fekk han av Carlo Ambrogio Lonati i Milano, og seinare av Arcangelo Corelli i Roma. Undervisning i komposisjon kan han ha fått av Alessandro Scarlatti. Etter avslutta utdanning i 1707 vart han fiolinist ved orkesteret i heimstaden, og frå 1711 førstefiolinist og dirigent ved operaorkesteret i Napoli. I 1714 reiste han til London der han ved hjelp av mesénen William Capell, 3. jarl av Essex kunne undervise og komponere. Geminiani gjorde fleire vellukka konsertreiser til Irland i 1730-åra som stadfesta ryktet hans som virtuos.

Saman med Georg Friedrich Händel oppførte Geminiani fiolinkonsertane sine ved hoffet til kongen i London. Etter ei reise til Paris kring 1750 valde han å slå seg ned der, men vendte attende til England i 1755. Hans føretaksmessige aktivitetar veksla mellom eit mislukka forsøk på å gje ut eit musikktidsskrift, nokre ikkje helt vellukka forsøk på å drive kunsthandel (òg av eigne måleri), forfattarskap av musikkteoretiske verk, samt å leve av virtuositeten sin. Frå 1759 var han konsertmeister hos Charles Coote, Earl of Bellamont i Dublin.

På ei reise til Dublin i 1761 stal ein tenar eit nesten ferdig verk, og ifølge slektningane til Geminiani vart han så sjokkert over det tapte arbeidet at det medverka til ein for tidleg død året etter.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje den store engelske musikkteoretikaren Charles Burney plasserte Concerti grossi op. 3 (1733) Geminiani «som den fremste av alle levende meistrar». Ein typisk arbeidsmåte var å ta enklare originalar, til dømes Corellis fiolinsonatar op 5 og utbrodere dei på ein særs sjølvstendig måte. Burney karakteriserte denne arbeidsmåten som «musikalsk kokekunst».[1]

Geminiani sine samtidige roste han for hans «harmoniske dugleik». Musikkhistorikaren Hawkins skildra modulasjonsteknikken hans som banebrytande sidan han braut reglane for overgang frå ein toneart til ein annan, og han rekna Geminiani som ein av dei komponistar som frigjorde musikken frå «lovmessige band som vart prøvd handheva utan autoritet».

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • 42 concerti grossi op.2, op.3 og op.7
  • Art of Playing the Violin (London (1751)
  • 26 fiolinkonsertar
  • 24 triosonatar for 2 fiolinar og generalbass
  • Nokre solosonatar
  • Læreverket The Art of Accompaniment on the Harpsichord, Organ, etc. (1754), Lessons for the Harpsichord, Art of Playing the Guitar (1760).
  • Sonatar for fiolin og generalbass

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «the art of musical cookery»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]