Francesco Zuccarelli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Richard Wilson: Portrett av Zuccarelli, 1751
Rovet av Europa
Landskap med kvinne og kyr
Landskap med Kristi openberring

Francesco Zuccarelli (15. august 170230. desember 1788) var ein italiensk målar, særleg kjend for sine landskapsmåleri med antikk bakgrunn. Stilmessig høyrer verka hans til rokokkoen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Zuccarelli var fødd i Pitigliano, ein landsby i Toscana. Han var elev av portrettmålaren Giovanni Morandi og deretter Pietro Nelli i Roma. I 1732 slo han seg ned i Venezia, der han for det meste måla religiøse og mytologiske motiv, men etter kvart byrja lage bilete med landskap. Han tok oppdrag fleire stader i Italia, og samarbeidde ofte med andre målar, mellom andre med Bernardo Bellotto. Frå 1747 til -52 arbeidde han for den rike Tassi-familien i Venezia.

Oppfordra av den britiske konsulen i Venezia, reiste Zuccarelli i 1752 til England. Produksjonen hans var heile tida etterspurd, så han vart verande i London til 1762. Etter tre år i Italia tok han på ny opphald i London, der samfunnseliten tok han vel i mot og han vart invitert til ymse kunstforeiningar. I 1768 var Zuccarelli mellom dei målarane som frå starten av fekk medlemskap i Royal Academy of Arts. Gjennom sine mange år i England påverka Zuccarelli utviklinga av engelsk landskapsmåling.

År 1771 reiste han tilbake til Venezia, han arbeidde også ei tid i Roma. Landskapsmålaren Zuccarelli hadde ei ei høg stjerne mellom dei som var inspirert av Jean-Jacques Rousseau sine tankar om naturen og naturtilstanden.

Han døydde i Firenze, 86 år gammal.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Francesco Zuccarelli

Kjelder[endre | endre wikiteksten]