Francis Danby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Francis Danby

Statsborgarskap Kongeriket Irland, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Storbritannia, Irland
Fødd 16. november 1793
County Wexford
Død

1862 (68 år)
Exmouth

Yrke kunstmålar, landskapsmålar
Språk engelsk
Medlem av Royal Academy of Arts
Francis Danby på Commons
Hav i solnedgang, 1835.

Francis Danby (16. november 17939. februar 1861) var ein britisk kunstnar fødd på Irland. Han høyrde til og var særs viktig i retninga kjend som Bristol School. Danby måla særleg landskap, gjerne svært dramatiske, og mange med bibelske motiv.

Danby var fødd nær Wexford sør på Irland. Familien hans flytta til Dublin etter at faren døydde i 1807. Francis Danby lærte å måla ved Royal Dublin Society og av den unge målaren James Arthur O'Connor. Saman med O'Connor og ein annan kunstnar, George Petrie, drog han til London i 1813. Etter dette, og fram til 1824, budde Danby i Bristol, der han gifta seg.

Liensfiord, inspirert av norske fjordar, 1841.

For The Upas Tree (1820) og The Delivery of the Israelites (1825) blei Danby veld inn i Royal Academy of Arts, og slo seg etter dette ned i London. Danby vitja Noreg i 1825, og laga mykje seinare måleri med motiv herfrå.

Danby hadde økonomiske og ekteskapelege problem som toppa seg i 1829, då han samtidig blei forbigått som fullverdig medlem av Royal Academy til fordel for John Constable. Ein skandale som enda med at kona forlet han gjorde at Danby drog utanlands. Han budde ei tid i Paris før han slo seg ned ved Genfersjøen i Sveits.

The Deluge ('Syndfloden'), 1840.

Rundt 1840 drog Francis Danby tilbake til England ettersom sønene James og Thomas, som begge skulle bli kunstnarar, hadde vakse opp. Danby slo gjennom på nytt med verk som The Deluge, The Golden Age og The Evening Gun. Han busette seg i Exmouth i Devon, der han døydde i 1861.

I ettertid er Francis Danby i stor glad blitt gløymd av den britiske kunstverda, og mange av verka hans er gått tapt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]