Francis Fox Tuckett
| Francis Fox Tuckett | |
![]() | |
| Statsborgarskap | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
| Fødd | 10. februar 1834 Bristol |
| Død | |
| Yrke | fjellklatrer |
| Medlem av | Royal Geographical Society |
| Far | Francis Tuckett |
| Mor | Mariana Fox |
| Ektefelle | Alice Fox |
| Francis Fox Tuckett på Commons | |
Francis Fox Tuckett (10. februar 1834–20. juni 1913) var ein britisk lêrhandlar og fjellkatrar frå landsbyen Frenchay Common, i dag ein bydel i Bristol.
Tuckett var son til ein rik lêrhandlar og tok i si tid over forretninga etter faren. Kvar sommar tok han seg fri nokre månader og drog på fjellferder i alpelanda. Han vert rekna som ein av dei sentrale aktørane i den såkalla gulladeren i fjellklatringa i Alpane. Den 18. juni 1859 var han med å bestige Aletschhorn for aller fyrste gong, saman med tre fjellførarar. Frå 1859 gjorde han 269 toppturar og fleire fyrstebestingar og jomfruturar i høgfjellet. I 1861 var han med i det laget som fann det som seinare har vorte normalruta til topps på Mont Blanc og i 1862 traverserte han og tre fjellførar over Dauphine-Alpane som dei aller fyrste menneska. I 1864 var han ein dei fyrste som undersøkte Dolomittane. Gjennom 1860-åra utvikla han ein sovepose for bruk i høgfjellet.

Turisthytta Rifugio Tuckett ved Madonna di Campiglio i Dolomittane, 2 272 moh., har namn etter Francis Fox Tuckett.
Tuckett var interessert i så mykje, mellom anna gav han i 1888 ut skriftet Notes of ancient Norwegian wooden churches.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Francis Fox Tuckett» frå Wikipedia på engelsk, den 11. november 2015.
