Francis Hagerup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Francis Hagerup
Francis Hagerup (OB.SZ02297).jpg
Fødd22. januar 1853
Horten
Død8. februar 1921
Christiania
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, professor, diplomat, jurist
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
FarHenrik Steffens Hagerup
EktefelleFredrikke Hagerup
MedlemKungliga Vetenskapsakademien
VervNorsk tatsminister 1895–1898 og 1903–1905
FøregangarEmil Stang, Otto Blehr
EtterfylgjarJohannes Steen, Christian Michelsen
VervNorsk justisminister 1893–1894
VervNorsk finansminister 1895
VervLeiar for Høgre 1899–1902

George Francis Hagerup (22. januar 185313. juli 1921) var ein norsk jurist og politikar for Høgre, og norsk statsminister i to periodar.

Hagerup var fødd i Horten. Han blei dr. juris i 1885 og var jusprofessor ved Universitetet i Oslo frå 1887 til 1906. Han var justisminister i regjeringa Stang frå 2. mai 1893 til 14. oktober 1893. Han blei deretter sjølv leiar for ei samlingsregjering frå 14. oktober 1895 til 17. februar 1898.

I perioden 1900 til 1906 var Francis Hagerup vald til stortingsmann. Han blei igjen statsminister den 22. oktober 1903, men gjekk av den 11. mars 1905 då han var imot det politiske kravet om å løysa opp unionen med Sverige. Han meinte ei unionsoppløysing ville kunne føra til militære trugsmål frå Russland, men støtta likevel kravet om eit eige norsk konsulatvesen.

Etter tida si som statsminister gjekk Hagerup inn i det norske diplomatiet. Han var sterkt engasjert i utviklingen av internasjonal lov. Frå 1897 var han medlem av l'Institut de Droit International, som han blei formann for i 1912. I 1907 leia han den norske delegasjon ved den andre fredskonferansen i Haag. Hagerup var medlem av den norske nobelkomitéen frå 1906 til 1920. Han var òg delegat ved internasjonale havrettskonferansar.

I 1920 var Hagerup leiar for den norske delegasjonen då Folkeforbundet kom saman for første gong i Geneve. Same året blei han vald til ein juridisk komité under Folkeforbundets Råd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]