Francis O'Neill
| Francis O'Neill | |
| Statsborgarskap | Irland |
| Fødd | 28. august 1848 County Cork |
| Død |
28. januar 1936 (87 år) |
| Yrke | musikkforskar, musikar, Traditional musicians |
Francis O'Neill (28. august 1848–28. januar 1936) var ein irsk-amerikansk politimann og innsamlar av irsk folkemusikk. Biografen hans Nicholas Carolan har omtalt han som «den største individuelle påverkaren til utviklinga av den irske tradisjonelle dansemusikken på 1900-talet».[1]
Liv
[endre | endre wikiteksten]O'Neill var fødd i Tralibane (også Trawlebane) nær Bantry i County Cork. Som ung høyrde han musikk av lokale musikarar som Peter Hagarty, Cormac Murphy og Timothy Dowling. Då han var 16 blei han skipsgut på eit engelsk handelsskip, og blei verande sjømann fram til 1869.[2] På ei reise til New York møtte han Anna Rogers, ein ung utvandrar som han etterkvart gifta seg med i Bloomington i Illinois. O'Neill og familien flytte til Chicago, og i 1873 blei han politimann i byen. Han steig raskt i gradene, og etterfølgde til slutt Joseph Kipley som politisjef frå 1901 til 1905.[3] Han klarte det sjeldne stykke å bli tilsett i stillinga att tre gonger under to ulike borgarmeistrar, på ei tid då politiske band gjerne telte meir enn kompetanse.
O'Neill spelte fløyte, fele og sekkepipe (Uilleann pipes), og var del av det livfulle irske samfunnet i Chicago på den tida. I løpet av tida si som politisjef rekrutterte O'Neill mange irske tradisjonsmusikarar inn i politiet, mellom anna Patrick O'Mahony, James O'Neil, Bernard Delaney, John McFadden og James Early. Han samla òg inn melodiar frå nokre av dei største utøvarane i samtida, inkludert Patsy Touhey, som regelmessig sende O'Neill vakssylindrar og vitja han i Chicago. Han samla òg inn melodiar frå mange ulike trykte kjelder.[1]
O'Neill pensjonerte seg frå politiet i 1905. Etter dette brukte han mykje av tida si på å gje ut musikk han hadde samla. Blant dei musikalske verka hans finn ein:
- O'Neill's Music of Ireland (1903), som inneheld 1850 musikkstykke
- The Dance Music of Ireland (1907), av og til kalla «O'Neill's 1001», på grunn av talet på tonar som er med.
- 400 tunes arranged for piano and violin (1915)
- Waifs and Strays of Gaelic Melody (1922), 365 stykke
- Irish Folk Music: A Fascinating Hobby (1910). Appendix A inneheld O'Farrells Treatise and Instructions on the Irish Pipes, gjeve ut 1797-1800; appendix B er Hints to Amateur Pipers av Patrick J. Touhy.
- Irish Minstrels and Musicians (1913), biografiar av musikarar, mellom anna dei han samla inn verk frå i Chicago.
Ettermæle
[endre | endre wikiteksten]I 2000 blei ein statue av Francis O'Neill som spelte fløyte avduka ved sida av familieheimen til O'Neill i Tralibane. Monumentet, som var laga av skulptøren Jeanne Rynhart, og ein minnesvegg blei reist gjennom bidrag frå Captain Francis O'Neill Memorial Company.[4]
Livet til Chief O'Neill er tema for musikalen Music Mad: How Chief O' Neill Saved the Soul of Ireland, som hadde premiere i Chicago i 2012. Musikalen blei skriven av Adam B. Whiteman med godkjenninga frå oldebarnet til Francis O'Neill, Mary Lesch, og inneheld både dramatisert innhald og materiale frå O'Neill sine eigne skrifter.[5]
Peter Hagarty og Francis O'Neill blir minna i songen «Píobaire Bán» skriven av Tim O'Riordan. Han blei innspelt av Patrick O'Sullivan på CD-en One More Time og på O'Riordan sin CD Taibhse.[6]
I august 2013 blei den fyrste Chief O'Neill Traditional Music Festival halden i Bantry i County Cork, berre nokre mile frå Tralibane. Hendinga i 2013 markerte hundreåret for utgjevinga av O'Neill sitt verk Irish Minstrels and Musicians. Hending er blitt halden årleg sidan.[7]
Chief O'Neills Pub and Restaurant i Avondale i Chicago har namn etter han, og viser fram tilknytte gjenstandar.[8]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Carolan, Nicholas (1997). A Harvest Saved: Francis O'Neill and Irish Music in Chicago. Ossian Publications. ISBN 1-900428-11-3.
- ↑ «Preserving Irish traditional music in Chicago: Francis O'Neill». www.digitalchicagohistory.org. Henta 23 November 2022.
- ↑ To Serve and Collect, Richard Lindberg, , accessed 2 November 2018
- ↑ «Francisoneill.ie - Captain Francis O'Neill memorial website Tralibane, Bantry, Co. Cork, Ireland». Francisoneill.ie. Arkivert frå originalen 1 December 2020. Henta 26 December 2020.
- ↑ Williams, Tom. «Music Mad: How Chief O'Neill Saved the Soul of Ireland (Revised Edition)». Chicagocritic.com. Henta 26 December 2020.
- ↑ «The PÍobaire Bán». open.spotify.com. Henta 22 November 2022.
- ↑ «Chief O'Neill Traditional Music Festival». Arkivert frå originalen 21. juni 2013. Henta 20. desember 2019.
- ↑ «Chief O'Neill's Pub». www.chiefoneillspub.com. Henta 22 November 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Francis O'Neill» frå Wikipedia på engelsk, den 29. april 2025.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Carolan, Nicholas, A Harvest Saved: Francis O'Neill and Irish Music in Chicago (Dublin 1997)
- Cremin, Nora, Bantry Historical and Archaeological Society Journal; vol. 2
- O'Malley, Michael, The Beat Cop: Chicago's Chief O'Neill and the Creation of Irish Music (University of Chicago Press, 2022)