Francis Rossi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Francis Rossi
Francis Rossi, Raalte, the Netherlands, 2018-05-19.jpg
Rossi med Status Quo i Raalte den 19. mai 2018
Fødd29. mai 1949 (70 år)
FødestadForest Hill i London i England
FødenamnFrancis Dominic Nicholas Michael Rossi[1]
AliasMike Rossi, Frame
OpphavEngland
AktivSidan 1962
Sjanger
InstrumentGitar, vokal
Stemmetypetenor
Tilknytte artistarStatus Quo, Band Aid, Graham Bonnet, John Du Cann
Verka somMusikar, låtskrivar
Prisaroffiser av Den britiske imperieordenen

Francis Dominic Nicholas Michael Rossi (fødd 29. mai 1949) er ein engelsk songar, låtskrivar og musikar. Han er mest kjend for å ha vore med å skipe rockegruppa Status Quo, der han er songar og gitarist.

Rossi byrja musikkarrieren sin 13 år gammal, då han saman med skulevenene sine skipa eit freakbeat-band, The Scorpions, som sidan endra namn til The Spectres og Traffic Jam før dei slo seg til ro med Status Quo i lag med Highlights-gitaristen Rick Parfitt, som kom inn i bandet i 1967. I løpet av ein karriere på over seks tiår har bandet seld 118 millionar plater og gjeve ut over 30 studioalbum og opna Live Aid på Wembley i 1985.[2] Same året gav Rossi ut den første solosingelen sin, «Modern Romance», og spelte inn eit album som aldri kom ut, kalla Flying Debris. I 1996 gav han omsider ut det førte soloalbumet sitt, eit countryaktig album kalla King of the Doghouse, som vart slakta av kritikarane og selde dårleg. Han mottok Order of the British Empire for tenestene sine til musikken i 2010, og gav ut det andre soloalbumet sitt, One Step at a Time, og la så ut på den første soloturneen sin. Eit år seinare vart konserten hans i St. Luke's Church i London gjeven ut på eit konsertalbum. Rosssi song òg på Graham Bonnet sitt Line Up, Mitchell/Coe Mysteries sitt Exiled og The All This and World War II med Beatles-songar.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mal:London Gazette
  2. Biografi på Allmusic

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Francis Rossi