Francisco Castillo Fajardo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Francisco Castillo Fajardo

Statsborgarskap Spania
Fødd 17. desember 1642
Málaga
Død

april 1716 (73 år)
Madrid

Yrke militær
Språk spansk

Francisco Castillo Fajardo, 2. marki av Villadarias (17. desember 16421716) var ein spansk general.

I 1693 mislukkast han i å forsvare Charleroi mot franskmennene, men i 1698 klarte han å forsvare Oran mot tyrkarane. I 1702 vart han generalkaptein i Andalucia og klarte å forsvare Cadiz mot ein britisk-nederlandsk flåte under George Rooke i slaget ved Cádiz i 1702 under den spanske arvefølgjekrigen. I 1704 kommanderte han styrken som invaderte Portugal og erobra Castelo de Vide og Marvão. Dei to neste åra prøvde han å ta attende Gibraltar frå britane, før han vart erstatta den 8. februar 1705 av den franske marskalken de Tessé, som gav opp omleiringa og trekte seg attende. I 1710 var han kommandant for armeen som tapte slaget ved Almenar. Etter dette slaget vart han erstatta av Marquis de Bay. Han vart generalkaptein i Valencia i 1713.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]