Francisco Gento

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Francisco Gento

Francisco Gento López (fødd 21. oktober 1933) er ein spansk tidlegare fotballspelar frå ein landsby i El Astillero i Cantabria-provinsen. Han var med om å vinne europacupen seks gongar for Real Madrid i tida 1956-66. Gento utmerkte seg særleg gjennom si store fart, og kvikke, tekniske handsaming av fotballen.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Venstrevengen Gento spelte på Racing Santander i 1952/53-sesongen. Sommaren 1953 gjekk han over til Real Madrid, der han gjorde teneste i 18 år. Unnateke den siste sesongen, vann han minst eitt trofe kvar einaste sesong med laget frå den spanske hovudstaden. Perioden 1956-60 syrgde han for, saman med, mellom andre, legendariske spelar som Alfredo di Stéfano og Ferenc Puskás, at Real Madrid vann samtlege fem fyrste finalar i europacupen. Sidan var Gento med å tape to europacupfinalar, før han i 1966 vart europacupvinnar for sjette gong. Han vann elles 12 spanske seriemeisterskap og to cup-pokalar. I sin avskjedskamp, omkampen i finalen i Cupvinnarcupen 1971, tapte Real Madrid og Gento mot Chelsea FC. Gento spelte i alt 428 seriekampar for Real Madrid og skåra 126 mål.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Gento spelte 43 landskampar for Spania i åra 1955-63 og 1966-69. Han deltok i Fotball-VM 1962 og 1966, i begge meisterskapane rauk Spania ut etter gruppespelet. Gento var lagkaptein i 15 kampar og skåra 5 landslagsmål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av europacupen: 1956, 1957, 1958, 1959, 1960 og 1966 med Real Madrid
  • Spansk seriemeister: 1954, 1955, 1957, 1958, 1961, 1962, 1963, 1964, 1965, 1967, 1968, 1969 med Real Madrid
  • Spansk cupmeister: 1962, 1970 med Real Madrid

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Mal:Spania i fotball-EM 1964