Francisco Javier Fernández

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Francisco Javier Fernández


Statsborgarskap Spania
Fødd 6. mars 1977 (47 år)
Guadix
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Utmerkingar

Ordenen for sportsfortjenesters gullmedalje

Francisco Javier Fernández Peláez (fødd 6. mars 1977) er ein spansk friidrettsutøvar frå Guadix i Granda-provinsen som vart europameister 2002 og 2006 i 20 kilometer kappgang. Han vann elles to VM-sølv, OL-sølv og EM-bronse i same øvinga.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Fernández vann i 1996 10 km kappgang ved juniorverdsmeisterskapen i Sydney. To år seinare sikra han seg europapokalen 1998 på 20 km i Dudince i Slovakia, før han vart tredjemann på distansen under europameisterskapen i Budapest. I Sommar-OL 2000 var Fernández tilbake i Sydney, der han kom kom på sjuandeplassen på 20 km.

I august 2002 vann Fernández gullmedaljen på 20 km i EM i München. Tidlegare på sommaren på sette han i Åbo verdsrekord på 20 km med tida 1.17.22. Under verdsmeisterskapen 2003 i Paris tok han sølv bak meksikanaren Jefferson Pérez, som samstundes forbetra verdsrekorden til Fernández med eitt sekund. Også under Sommar-OL 2004 i Aten kom Fernández inn sølvmedalje, slått med fem sekund av Ivano Brugnetti frå Italia. Fernández tok så ved VM 2005 i Helsinki si tredje strake sølvmedalje, ettersom Jefferson Pérez forsvarte VM-tittelen på 20 km. Året etter forsvarte også Fernández sin meistertittel då han i Göteborg vann sitt andre EM-gull.

Under VM 2007 i Osaka sigra Perez på 20 km for tredje gong i rad, medan Fernández vart andremann for tredje gong. Ved sommarleikane 2008 i Beijing enda Fernández derimot på sjuandeplassen, for fyrste gong på sju år reiste han tomhendt heim frå ein stor internasjonal meisterskap.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]