Francisco Lázaro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Francisco Lázaro

Statsborgarskap Portugal
Fødd 21. januar 1891
Benfica
Død

15. juli 1912 (21 år)
Stockholm

Yrke maratonløpar, langdistanseløpar
Språk portugisisk
Francisco Lázaro på Commons

Francisco Lázaro (21. januar 189115. juli 1912 i Stockholm)[1][2] var ein portugisisk friidrettsutøvar.

Sommar-OL 1912[endre | endre wikiteksten]

Lázaro var den fyrste portugisiske maratonlauparen og standardberaren under eit OL.[3]

Som alle idrettsutøvarane på den tida var Lázaro ein amatør, og han arbeidde opphavleg som snikkar på ein bilverkstad i Lisboa.[3] Før han deltok under sommar-OL 1912 i Stockholm hadde han vunne tre maraton i heimlandet.[4]

Lázaro var den fyrste idrettsutøvaren som døydde i ei olympisk tevling, etter at han kollapsa på 30 kilometermerket under maratonet. Ein trudde fyrst at dødsårsaken var alvorleg dehydrering på grunn av den høge temperaturen, men seinare vart det oppdaga at Lázaro hadde dekt store delar av kroppen med voks for å hindre å verte solbrent. Voksen hadde hindra svetten hans i å kome ut, som førte til ein alvorleg kroppsvæske-elektrolystisk ubalanse.[3]

Romanen The Piano Cemetery av den portugisiske forfattaren José Luís Peixoto er basert på historia til Francisco Lázaro.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Francisco Lazaro, Portuguese runner January 21 in History at www.brainyhistory.com
  2. Francisco Lazaro, Portuguese marathon runner (Olympics), dies at July 21, 15 in History at www.brainyhistory.com
  3. 3,0 3,1 3,2 Pires, Gustavo. «Francisco Lázaro, a emborcação no treino» (på portugisisk). Fórum Olímpico de Portugal. Arkivert frå originalen 16. september 2008. Henta 7. juli 2008. 
  4. Rosen, Daniel M. (2008) Dope: a history of performance enhancement in sports from the nineteenth century to today. Praeguer Publishers, Westport, CT, United States