Franco Nones

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Franco Nones

Statsborgarskap Italia
Fødd 1. februar 1941 (83 år)
Castello-Molina di Fiemme
Yrke langrennsløpar
Språk italiensk
Høgd 167 centimeter
Franco Nones på Commons
Franco Nones (52) etter målgang under Ski-VM 1966

Francesco Nones, kjend som Franco Nones, (fødd 1. februar 1941) er ein italiensk tidlegare langrennsløpar frå Castello-Molina di Fiemme i Trento-provinsen. Han vart olympisk meister på 30 km i 1968, og vann ein bronsemedalje i 4 x 10 km stafett med Italia under Ski-VM 1966. Nones var den fyrste italienske langrennaren som vann ein OL-medalje.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Nones deltok i Vinter-OL 1964 i Innsbruck og vart nummer ti på 15 km. Seinare i OL-sesongen kom han fjerdeplass på femmila i Holmenkollen. I 1965 vart han nummer tre på 15 km i Lahti.

Under ski-VM 1966 i Oslo kom Nones på sjetteplass på 30 km, og gjekk andreetappen for det italienske stafettlaget som tok bronsemedaljene. Året etter vart han berre numme 14 på 15 km i Holmenkollrenna.

På opningdistansen 30 km under Vinter-OL 1968 i Grenoble stod Nones for ei av dei største overraskingane i langrennsløypa. Her vann han gullmedaljen på 30 km med eit forsprang på 50 sekundar til sølvvinnaren Odd Martinsen, den finske skikongen Eero Mäntyranta vart nummer tre. Nokre veker etter OL deltok Nones i Holmenkollen, og vart nummer åtte og ni i dei to renna. I 1969-sesongen hamna han på 14. plass på 15 km i Holmenkollen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar