Frank Beard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frank Beard
Frank Beard 2014.jpg
Beard med ZZ Top i 2014
Fødd11. juni 1949 (70 år)
FødestadFrankston, Texas, United States
FødenamnFrank Lee Beard
OpphavUSA
AktivSidan 1969
SjangerHardrock, bluesrock, rock
Instrument
  • Trommer
  • perkusjon
Tilknytte artistarZZ Top, American Blues, The Cellar Dwellars, The Hustlers, The Warlocks
PlateselskapRhino, RCA, Warner Bros., London
Verka somLåtskrivar
musikar

Frank Lee Beard (fødd 11. juni 1949) er ein USA-amerikansk trommeslagar i rockbandet ZZ Top. Beard var tidlegare i banda The Cellar Dwellers, The Hustlers, The Warlocks og American Blues[1] før han byrja å spele med Billy Gibbons og Dusty Hill som ZZ Top.

Beard var fødd i Frankston i Texas. Seint i 1969 vart han med i The Moving Sidewalks, eit band som kom til å bli ZZ Top. Beard introduserte òg Gibbons for bassisten og vokalisten Dusty Hill, som Beard hadde spelt med i banda American Blues, The Warlocks og The Cellar Dwellers. Bandet gav ut debutplata si ZZ Top's First AlbumLondon Records i januar 1971.

Trass i at etternamnet hans tyder «skjegg» på norsk, er det Hill og Gibbons som har langt skjegg som varemerke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dansby, Andrew (25. februar 2004). «Rock and Roll Hall of Fame 2004: ZZ Top: Texas blooze men celebrate thirty years of fuzz». Rolling Stone. Copyright 2011: Jann S. Wenner, editor and publisher. Henta 22. juni 2011.