Frank Buchser

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frank Buchser

Frank (opphavleg: Franz) Buchser (15. august 182822. november 1890) var ein sveitsisk målar og eventyrar. Han var fødd i Feldbrunnen-St. Niklaus i kantonen Solothurn og døydde same staden.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Buchser var son av ein bonde. Han lærte seg til orgel- og klaverbyggar i Solothurn og Bern, og fekk teikneundervisning av Bern-kunstnaren Heinrich von Arx. I 1847 bestemte han seg, etter ei reise til Paris, Firenze og Roma, å verte målar. Han gjorde teneste i sveitsargarden i Roma, samstundes som han studerte han målarkunst i 'Accademia di S. Luca'. År 1848 var han ei kort tid med i Giuseppe Garibaldis troppar. 1849-50 studerte han vidare i Paris, 1850-52 i Antwerpen. Deretter reiste han i 1852 og 1853 i Spania, og fann meir inspirasjon som målar og teiknar.

Målarinne i solskin, 1862

Også etter 1853 søkte han gjerne arbeid langt frå heimstaden. Fleire gonger var han i England, der han i 1862 var leiar for avdelinga for sveitsisk kunst på verdsutstillinga i London. Eit høgdepunkt på reisene hans var ein ridetur til Fès i Marokko i 1858. Mellom 1866 og 1871 budde han i US-Amerika, der han, mellom fleire, portretterte John Sutter. Vinteren 1866-67 viste han fram sosialkritiske måleri av svarte på enkelte utstillingar i Washington og New York, noko som vakte irritasjon.

Under sine opphald i heimlandet var Buchser i tillegg tik kunstverksemda også politisk aktiv. År 1865 grunnla han saman med Rudolf Koller og Ernst Stückelberg ei kunstforeining, som seinare vart til landsforbundet Gesellschaft Schweizerischer Maler, Bildhauer und Architekten. På sine eldre dagar gjekk han i spissen for å reformere utstillingspraksisen i Sveits og hadde stor del av æra for at sentralstyresmaktene i Sveits i 1887 vedtok å hjelpe fram kunsten i landet.

Dei siste leveåra budde Buchser i fødestaden Feldbrunnen, der han frå 1884 underviste Cuno Amiet.

Buchsers stilistiske og mangearta livsverk omfattar omkring 1000 oljebilete. Om lag 300 av desse er for eigenlege måleri å rekne, resten er skisser utført med rask strek eller utprøvingar av farge og lys. Dei viktigaste verka til Buchser finst 'Kunstmuseum Solothurn', 80 måleri, og i Kunstmuseum Basel (over 1000 oljeskisser, teikningar og akvarellar). Over 200 fotografi er oppbevart i koparstikk-kabinettet til kunstmuseet i Basel. Desse stammar frå perioden 1850-åra til 1880-talet. Buchser nytta desse til grunnlag for fleire måleri.

Utvalde verk[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Roman Hollenstein, Petra ten-Doesschate Chu u. a.: Frank Buchser. 1828–1890, Ausst.-Kat. Kunstmuseum Solothurn, 9. Juni bis 16. Sept. 1990, Solothurn: Kunstmuseum 1990
  • Gottfried Wälchli: Frank Buchser. Mein Leben und Streben in Amerika. Begegnungen und Bekenntnisse eines Schweizer Malers. 1866–1871, Zürich/Leipzig: Orell Füssli Verlag 1942
  • Gottfried Wälchli: Frank Buchser 1828–1890. Leben und Werk, Zürich/Leipzig: Orell Füssli Verlag 1941

Weblenker[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Frank Buchser