Frank Gehry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frank Gehry
Frank O. Gehry - Parc des Ateliers (cropped).jpg
Fødenamn Frank Owen Goldberg
Fødd 28. februar 1929
Toronto
Yrke arkitekt, bilethoggar

Frank Owen Gehry (fødd 28. februar 1929 i Toronto) er ein canadisk arkitekt kjend for sin skulpturiske tilnærming til bygningsdesignar. Han er mest kjend for å byggja kurva strukturar, ofte dekte med reflekterande metall. Eit kjenneteikn ved Gehry er at både materialar og form er likestilte element i hans arkitektoniske uttrykk. Hans stil er milom anna uttrykt som poststrukturalisme.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Frank Owen Goldberg var fødd inn i ein jødisk familie i Toronto, der han voks opp. Familien flytta til California då han var 17 år. Faren var lastebilsjåfør som måtte flytta til varmare klima på grunn av sjukdom. Den unge Gehry arbeidde òg som lastebilsjåfør og med reingjering av fly, medan han studerte ved Los Angeles City College. Seinare vart han uteksaminert frå University of Southern California School of Architecture. Deretter studerte han byplanlegging ved Harvard Graduate School of Design.

Han er i dag både canadisk og amerikansk statsborgar og bor i Santa Monica i Los Angeles County.

Arbeidar[endre | endre wikiteksten]

Eit av Gehrys mest kjende verk Guggenheim-museet i Bilbao
Jay Pritzker paviljongen frå 2004 i Millennium Park i Chicago

Han er særleg kjend for det titanet-kledde Guggenheim-museet i Bilbao i Spania, Walt Disney Concert Hall i downtown Los Angeles, Science Fiction Museum and Hall of Fame i Seattle, Weisman Art Museum i Minneapolis, Dansehuset i Praha og Jay Pritzker paviljongen i Millennium Park i Chicago.

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Hans kritikarar uttrykkjer mellom anna at hans bygningar:

  • kastar bort, og utnyttar ikkje, sina høve då dei har former og strukturar som ikkje lèt seg utnytta funksjonelt.
  • ikkje tek omsyn til dei lokale klimatiske tilhøva.
  • har ein ytre form som overskygger deres eigenlege funksjon, særleg gjeld detta musé og arenaer.
  • ikkje forheld seg «organisk» til sina omgivnader.

Prisar og utmerkingar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Det følgjande er bilete av Gehrys arbeidar;

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Frank O. Gehry.