Frank Grønlund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frank Grønlund
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. desember 1952 (71 år)
Yrke fotballspelar

Frank Grønlund (fødd 13. desember 1952) er ein norsk tidlegare fotballspelar i Lillestrøm Sportsklubb. Han vann tre cupgull og to seriegull med Lillestrøm SK i tida 1976-81.

Midtstoppar Grønlund var Lillestrøm-spelar frå 1970 til 1983. Fram til 1974 deltok klubben i 3. og 2. divisjon. Både i 1976 og 1977 vart Lillestrøm norsk seriemeister i fotball. Gjennom fem sesongar, 1977-81, spelte Lillestrøm seg fram til fire cupfinalar og vann tre av dei; 1977, 1978, 1981.

Han spelte to landskampar i Noregs midtforsvar, fyrst VM-kvalifiseringskampen mot Ungarn i 1981 og seinare ein privatlandskamp mot Finland i 1982.

Grønlund var sesongane 1984 og -85 spelande trenar i IK Skeid, åra 1987-89 hadde han same rollene i tredjedivisjonsklubben Aurskog/Finstadbru.

Sidan 1991 har Grønlund arbeidd i ymse posisjonar i Lillestrøm SK, mellom anna har han vore både formann og klubbdirektør.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]