Frank Gray

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frank Gray
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 27. oktober 1954 (69 år)
Glasgow
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1982

Frank Gray, fullt namn Francis Tierney Gray, (fødd 27. oktober 1954) er ein skotsk tidlegare fotballspelar frå Glasgow. Han var i mange sesongar sideback i Leeds United og to år i Nottingham Forest. Med sistnemnde vann han europacupen i fotball 1980.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Gray fekk sin debut i Leeds-trøya i 1973. I sesongen 1973/74 deltok han i for få kampar til å vinne ligapokal då Leeds for andre gong gjekk til topps i ligaen. Derimot tok han plass på venstrebacken då Leeds møtte Bayern München i europacupfinalen 28. mai 1975, ein kamp som enda med Leeds-tap 0–2. I 1979, etter 193 ligakampar for Leeds United, vart han overført til Nottingham Forest. Her var han i 1980 med på å tape ligacupfinalen mot Wolverhampton, for så å vinne europacupfinalen mot Hamburger SV. Allereie i 1981 var Gary tilbake i Leeds-drakt. Etter den tid fylgde fire år med Leeds og så like lenge i Sunderland AFC, to klubbar som sleit i 2. og 3. divisjon. Gray la opp i 1992.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Gray deltok i perioden frå april 1976 til juni 1983 i 32 av kampane til Skottlands landslag. Han fekk ikkje plass i troppen til VM i fotball 1978. Hans einaste landslagsmål kom på straffespark då Skottland vann 2–1 over Nederland den 23. mars 1982.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av Europacupen: 1980 for Nottingham Forest
  • Finalist i Europacupen: 1975 for Leeds United
  • Finalist i cupvinnarcupen: 1973 for Leeds United
  • Finalist i ligacupen: 1980 for Nottingham Forest

Kjelder[endre | endre wikiteksten]