Hopp til innhald

Frank Herbert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frank Herbert

Statsborgarskap USA
Fødd 8. oktober 1920
Tacoma
Død

11. februar 1986 (65 år)
Madison

Yrke skribent, romanforfattar, fotograf, journalist, vitenskapsdiktningsforfatter, prosaforfatter
Sjanger science fiction
Religion Zenbuddhisme
Ektefelle Flora Lillian Parkinson, Theresa Diane Shackelford
Born Brian Herbert
Signatur
Frank Herbert på Commons

Frank Patrick Herbert (8. oktober 192011. februar 1986) var ein amerikansk science fiction-forfattar. Han er best kjend for boka Dune (1965) og dei fem etterfølgjande bøkene i den same serien.[1] Herbert skreiv også noveller og verka som journalist, fotograf, bokmeldar, førelesar og økologikonsulent.

Dune er den bestseljande science fiction-romanen nokosinne,[2] og serien er rekna som ein klassikar innan sjangeren.[3] Dune-soga går føre seg i ei fjern framtid over fleire tusenår, og tek for seg komplekse emne, som overlevinga til menneskja over tid, menneskeleg evolusjon, planetologi og økologi, og skjeringspunkta mellom religion, politikk, økonomi, sex og makt i ei framtid der menneskja har utvikla romfart for lenge sidan og kolonisert tusentals verder.

Serien er blitt filmatisert ei rekkje gonger, som i spelefilmen Dune (1984), miniserien Frank Herbert's Dune og Children of Dune, og ein spelefilmtrilogi med Dune (2021) som den fyrste.[4][5]

Frank Herbert var far til forfattaren Brian Herbert.[1]

Bibliografi (utval)

[endre | endre wikiteksten]
  • The Dragon in the Sea
  • Dune
  • The Green Brain
  • The Jesus Incident
  • The Dosadi Experiment
  • The White Plague
  • Man of Two Worlds
  1. 1,0 1,1 Frank Herbert (på norsk). 23. august 2023. 
  2. «SCI FI Channel Auction to Benefit Reading Is Fundamental». PNNonline.org (Internet Archive). March 18, 2003. Arkivert frå originalen September 28, 2007. Henta September 28, 2007. «Since its debut in 1965, Frank Herbert's Dune has sold over 12 million copies worldwide, making it the best-selling science fiction novel of all time [...] Frank Herbert's Dune saga is one of the greatest 20th Century contributions to literature.» 
  3. Kunzru, Hari (July 3, 2015). «Dune, 50 years on: how a science fiction novel changed the world». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta March 4, 2024. 
  4. «Denis Villeneuve's 'Dune' Will Probably Finish Its Story — But There's a Catch». Inverse. February 20, 2024. 
  5. «Denis Villeneuve Still Has a "Dream" of a 'Dune' Trilogy». Vanity Fair. August 28, 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Frank Herbert