Frank O'Connor
Frank O'Connor | |
Statsborgarskap | Irland |
Fødd | 17. september 1903 Cork |
Død |
10. mars 1966 (62 år) |
Yrke | bibliotekar, omsetjar, manusforfattar, skribent |
Frank O'Connor på Commons |
Frank O'Connor (fødd Michael Francis O'Donovan; 17. september 1903–10. mars 1966) var ein irsk forfattar og omsetjar. Han skreiv poesi (original og omsetjingar frå irsk), dramatiske verk, memoar, journalistiske spalter og tekstar om aspekt av irsk kultur og historie, kritikk, lang og kort fiksjon (romanar og noveller), biografiar og reisebøker. Han er mest kjent for dei meir enn 150 novellene sine og for memoarar. Frank O'Connor International Short Story Award er kalla opp etter han.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]O'Connor voks opp i Cork som det einaste barnet til Minnie (fødd O'Connor) og Michael O'Donovan.[1] Han gjekk på St. Patrick's School på Gardiner's Hill. Ein lærar, Daniel Corkery, introduserte klassen for irsk språk og dikting, og påverka den unge eleven djupt.[2] Han var seinare elev ved North Monastery Christian Brothers School.
Dei tidlege åra til O'Connor var prega av faren sin alkoholisme, gjel og mishandling av mora. Barndomen hans blei sterkt forma av mor hans, som stod for mykje av inntekta til familien gjennom husvask, og faren hans kunne ikkje halde fast jobb på grunn av alkoholismen. O'Connor tilbad mor si, og var bittert misnøgd med faren. I memoarane sine minna han barndomen sin som «dei forferdelege åra»,[3] og innrømde at han aldri hadde kunna tilgjeva far sin for misbruket av seg sjølv og mor si.[4] Då mor hans var sytti år, blei O'Connor forferda av å få vita frå legen at ho hadde lidd av kronisk blindtarmbetennelsei fleire år, som ho hadde bore i løyndom, sidan ho aldri hadde hatt tid eller pengar til å gå til legen.[4]
Irsk nasjonalisme
[endre | endre wikiteksten]I 1918 gjekk O'Connor inn i 1. brigaden i den irske republikanske arméen, og tok del i kampar under den irske sjølvstendekrigen. Han protesterte mot den anglo-irske traktaten i 1921, og gjekk med i IRA mot traktaten under den irske borgarkrigen. Han arbeidde i ei lita propagandaavdeling i Cork. Han var ein av tolv tusen motstandarar av traktaten som blei internerte av styresmaktene i den nye Irske fristaten. I februar 1923 blei O'Connor fengsla i Cork City Gaol, og i april blei han flytta til Gormanston i County Meath, der han var til rett før jul.[5] Krig er eit viktig tema i dei fleste historiene i O'Connor si fyrste publiserte samling, Guests of the Nation frå 1931.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]Novellesamlingar
[endre | endre wikiteksten]- Guests of the Nation (1931)
- Bones of Contention (1936), med soga «The Majesty of Law», som utgjorde ein del av filmen The Rising of the Moon (1957).
- Crab Apple Jelly (1944)
- The Common Chord (1947)
- Traveller's Samples (1951), med den klassiske soga «First Confession».
- The Stories of Frank O'Connor (1952), med den kjende soga «My Oedipus Complex».
- More Stories by Frank O'Connor (1954)
- Domestic Relations (1957)
- A Set of Variations (1969)
- The Cornet Player Who Betrayed Ireland (1981)
- The Collected Stories (red. Richard Ellmann) (1981)
- The Collar: Stories of Irish Priests (1993)
- A Frank O'Connor Reader (1994)
Romanar
[endre | endre wikiteksten]- The Saint and Mary Kate (1932)
- Dutch Interior (1940)
Sjølvbiografi
[endre | endre wikiteksten]- O'Connor, Frank (1961). An Only Child. London: Macmillan.
- — (1968). My Father's Son. London: Macmillan.
Poesi
[endre | endre wikiteksten]- Three Old Brothers and Other Poems (1936)
Poesiomsetjingar frå irsk
[endre | endre wikiteksten]- The Wild Bird's Nest (1932)
- Lords and Commons, Translations from the Irish (1938)
- Lament for Art O'Leary (1940)
- The Midnight Court (1945)
- Kings, Lords, and Commons (1959)
- The Little Monasteries (1963)
Irsk historie
[endre | endre wikiteksten]- The Big Fellow, biografi av Michael Collins (1937)
Reiseskildringar
[endre | endre wikiteksten]- Irish Miles (1947)
- Leinster, Munster and Connaught (1950)
Kritikk
[endre | endre wikiteksten]- The Road to Stratford (1948; revised edition published in 1960–61 in the US as Shakespeare's Progress)
- The Mirror in the Roadway: A Study of the Modern Novel (1956)
- The Lonely Voice: A Study of the Short Story (1962)
- The Backward Look: A Survey of Irish Literature (1967; published in the US as A Short History of Irish Literature: A Backward Look)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Matthews 1983, s. 6.
- ↑ O'Connor 1961.
- ↑ O'Connor 1961, Chapter 2.
- ↑ 4,0 4,1 O'Connor 1968.
- ↑ Matthews 1983.
- Bibliografi
- Matthews, James (1983). Voices: A Life of Frank O'Connor. New York: Atheneum. ISBN 9780689112720.
- McKeon, Jim (1998). Frank O'Connor: A Life. Edinburgh: Mainstream Publishing. ISBN 9781840180824.
- O'Connor, Frank (1961). An Only Child. London: Macmillan Publishers.
- O'Connor, Frank (1968). My Father's Son. London: Macmillan Publishers.
- Denne artikkelen bygger på «Frank O'Connor» frå Wikipedia på engelsk, den 22. februar 2025.