Frank Vercauteren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frank Vercauteren


Statsborgarskap Belgia
Fødd 28. oktober 1956 (67 år)
Molenbeek-Saint-Jean
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1986, VM i fotball 1982, EM i fotball 1984

Frank Vercauteren (fødd 28. oktober 1956) er ein belgisk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Sint-Jans-Molenbeek. Han var ein finteflink teknisk spelar som vekselvis spelte venstreveng og på midtbana. I tida 1975-87 hadde han stor suksess med RSC Anderlecht, mellom anna med triumfar i cupvinnarcupen og UEFA-cupen.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Vercauteren debuterte på RSC Anderlecht i 1975 og var innbytar då klubben vann cupvinnarcupfinalen 1976 med 4-2 over West Ham United frå London. To år seinare spelte han heile finalen då Anderlecht vann cupvinnarcupen for andre gang, etter 4-0 over Austria Wien. I åra etter 1980 var Vercauteren ein sentral spelar på det belgiske meisterlaget, eit lag som i tida 1981-87 sanka fire seriemeistertitlar i Belgia. Våren 1983 var han kaptein då Anderlecht vann UEFA-cupfinalen med 1-0 mot Benfica. Perioden 1987-90 var han aktiv i franske FC Nantes og avslutta 1990-93 med spel for RWD Molenbeek i Brussel.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Vercauteren spelte 63 landskampar for Belgia i tida 1977-88, skåra 9 mål. Han deltok i alle Belgia sine kampar under VM 1982, EM 1984 og VM 1986, bortsett frå bronsefinalen i Mexico, ein kamp Belgia tapte med 2-4 mot Frankrike.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1976 og 1978 med Anderlecht
  • UEFA-cupen: 1983 med Anderlecht
  • Belgisk seriemeister: 1981, 1985, 1986, 1987 med Anderlecht
  • Belgisk cupmeister: 1975, 1976 med Anderlecht

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Vercauteren leidde Anderlecht til triumfar i den belgiske serien i 2006 og 2007 og Genk i 2011.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]