Frankeringsmaskin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frankeringsmaskinen DM400c frå Pitney Bowes.

Frankeringsmaskin er ei maskin som trykkjer frankering på brev og pakkar i staden for bruk av frimerke. Firma med mykje korrespondanse nyttar oftast slike. Frankeringsmaskinene har forsegla telleverk, så portoen firmaet brukar vert fakturert etterskotsvis.

Firma kan anten bruke maskinene slik dei er, eller få laga og sett inn stempel med eigen firmalogo i tillegg til porto.

Frankeringsmaskinen er ei norsk oppfinning og vart først teken i bruk i Noreg i 1903.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Postens historie». Arkivert frå originalen 6. februar 2015. Henta 12. januar 2015.