Franklinmåse
| Franklinmåse | |
Franklinmåse | |
| Utbreiing | |
Utbreiinga av Franklinmåse | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Fuglar Aves |
| Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
| Familie: | Måsefamilien Laridae |
| Slekt: | Leucophaeus |
| Art: | Franklinmåse L. pipixcan |
| Vitskapleg namn | |
| Leucophaeus pipixcan | |
Franklinmåse (Leucophaeus pipixcan) er ein liten medlem av måsefamilien Laridae som hekkar i våtmarksområde i Canada og USA. Arten er ein langdistansetrekkfugl som overvintrar i Sør-Amerika. Slektsnamnet Leucophaeus kjem frå gresk leukos, «kvit» og phaios, «mørk, skuggefull».[1] Artsnamnet pipixcan er eit ord frå nahuatl for ein type måse.[2] Artsnamnet på norsk og fleire andre språk heidrar polarforskaren John Franklin, som leia ein ekspedisjon i 1825 der typeeksemplaret vart samla inn.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Franklinmåsen er ein liten «hettemåse», ca. 32–36 cm i kroppslengde, med eit vengespenn på 85–95 cm og veg 250–325 gram. Han er litt mindre enn arten hettemåse, men kraftigare bygd, med rundare hovud, stuttare venger og kortare bein. Når han leitar etter mat, rører han seg raskt og kan minna om små vadarar, t.d. loar og Calidris-sniper. Arten har ein unik fjørfellingssyklus med to fullstendige fjørfellingar kvart år, noko som gjer at fjørdrakta sjeldan verkar sliten.
I hekkedrakt er kroppen kvit, oversida og vengene mørkare grå enn hjå dei fleste andre små måsar, berre overgått av den litt større lattermåsen. Vengespissane er svarte med eit kvitt band innom. Nebb og bein er raude. Den svarte hetta i hekkedrakta vert stort sett borte om vinteren.
Ungfuglar liknar vaksne, men hetta er mindre utvikla og det kvite bandet på vengene manglar. Arten vert kjønnsmoden etter tre år.[3]
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Franklinmåsen har hekkeområde i våte område i dei sentrale provinsane i Canada: Alberta, Saskatchewan og Manitoba, og i tilgrensande nordlege delar av USA. Han er ein trekkfugl og overvintrar først og fremst ved kystar av Peru og Chile. I mindre tal i Argentina og langs kystar av Ecuador.[3]
Sjølv om arten er sjeldan langs kystane i Nord-Amerika, dukkar han sporadisk opp som streiffugl i Europa, Afrika, Australia og Japan. Det finst mellom anna registreringar i Noreg i 2021 og 2025.
Åtferd
[endre | endre wikiteksten]Franklinmåsen er altetande, som dei fleste måsar. Gjennom årstidene kan han søkje etter små og store insekt, vegetabilsk materiale som frø, mus, krabbar, fisk, sniglar og andre virvellause dyr. Om våren kan store flokkar drive nedover elvar, der dei tar insekt frå overflata. Dei vender ofte attende til dei same elvestrekka for å utnytta næringstilgangen. I hekketida et dei både svermande insekt i lufta og insekt frå vatn og land.
Arten hekkar i koloniar nær innsjøar i våtområde på prærien. Reiret vert stundom bygd på flytande matter av vegetasjon eller anna materialar, og inneheld vanlegvis to eller tre egg. Ruginga varer i om lag tre veker.[3]
Status
[endre | endre wikiteksten]Franklinmåsen har eit vidt utbreiingsområde og ein stor bestand, og vert derfor klassifisert som livskraftig (LC) på IUCN si raudliste. I 2018 blei den globale bestanden estimert til mellom 1 og 1,5 millionar individ.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «Franklin's gull» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2025
- Referansar
- ↑ Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 224. ISBN 978-1-4081-2501-4.
- ↑ Tidemann, Sonia and Gosler, Andrew (2012). Ethno-ornithology: Birds, Indigenous Peoples, Culture and Society. Routledge. s. 90. ISBN 9781849774758.
- 1 2 3 Burger, J. and M. Gochfeld (2020). «Franklin's Gull (Leucophaeus pipixcan), version 1.0.» Birds of the World (A. F. Poole, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.fragul.01
- ↑ BirdLife International (2018). «Larus pipixcan». IUCN Red List of Threatened Species 2018. doi:10.2305/IUCN.UK.2018-2.RLTS.T22694462A132553472.en. Henta 4. oktober 2025.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Franklinmåse hos Artsdatabanken
- (en) Franklinmåse – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Franklinmåse i Catalogue of Life
- (en) Franklinmåse i Encyclopedia of Life
- (en) Franklinmåse i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Franklinmåse hos Dyntaxa
- (en) Franklinmåse hos Fauna Europaea
- (en) Franklinmåse hos Fossilworks
- (en) Franklinmåse hos ITIS
- (en) Franklinmåse hos NCBI
- (en) Kategori:Leucophaeus pipixcan – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons