Frantz Møller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frantz Møller
Fødd11. mars 1834
Død22. oktober 1901
Yrkekjemikar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo

Frantz Peckel Møller (11. mars 183422. november 1901) var ein norsk kjemikar og industrimann frå Kristiania. Peter Möller var far hans.

Frantz Møller tok farmasøyteksamen i 1857. Han studerte kjemi på universitetet i Kristiania og tok doktorgraden i Heidelberg. Frå 1863 til -71 eigde han Svaneapoteket i heimbyen og forbetra produksjonen av medisintran til eit høgt nivå. I tida 1868 til 1880 leia han handelen med Möllers tran på verdsmarknaden frå London. Sidan busette han seg i København og budde der til han døydde. Han var eineeigar av firma Peter Møller frå 1881.

Møller gav i 1895 ut Cod-Liver Oil and Chemistry.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]