Franz Danzi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Franz Danzi

Fødd15. juni 1763
FødestadSchwetzingen i Tyskland
Død13. april 1826 (62 år)
DødsstadKarlsruhe
FødenamnFranz Ignaz Danzi
OpphavStorhertugdømmet Baden
PeriodeKlassisismen
SjangerKammermusikk, solokonsertar
InstrumentCello
Verka somKomponist og cellist
Gift medMargarethe Danzi

Franz Ignaz Danzi (15. juni 176313. april 1826) var ein tysk cellist, komponist og dirigent og son av den kjende italienske cellisten Innocenz Danzi. Han var fødd i Schwetzingen, Franz Danzi arbeidde i Mannheim, München, Stuttgart og Karlsruhe, der han døydde.

Danzi levde i ei viktig tid i historia til europeisk konsertmusikk. Karrieren hans gjekk frå overgangen frå sein klassisistisk stil til tidleg romantisk stil. Som ung mann kjende han Wolfgang Amadeus Mozart, som han akta, og han levde samstundes med Ludwig van Beethoven, som han så mange andre frå generasjonen sin hadde sterke, men blanda kjensler for. Han var òg mentor for den unge Carl Maria von Weber.

Han var fødd i Schwetzingen og voks opp i Mannheim. Danzi studerte med faren og med Georg Joseph Vogler før han vart med i orkesteret til kurfyrste Karl Theodor i 1778 som tenåring. I 1780 vart den første komposisjonen hans for treblåseinstrument publisert i Mannheim. Faren, som var førstecellist i orkesteret, vart hylla av Mozart for spelinga si ved premieren av Idomeneo. Danzi vart verande att i rolegare Mannheim då Karl Theodor flytta hoffet sitt til München i 1778. Etter ei læretid i det vesle teaterorkesteret som vart verande att i Mannheim, vart Danzi med i hovudorkesteret til hoffet i München, som førstecellist og overtok posisjonen etter faren i 1784.

I 1790 gifta han seg med songarinna Maria Margarethe Marchand, som han reiste med i ein operatrupp til Leipzig, Praha, Venezia og Firenze.

I 1798 i München vart han assisterande kapellmeister i det som då var eit av dei viktigaste musikksentera i Europa, men i 1807 var han misnøgd med behandlinga han fekk i hoffet og ønskte å kome seg vidare i karrieren. Han forlet München og vart kapellmeister i det mindre og mindre viktige hoffet i Stuttgart for den nye kongen av Württemberg, Fredrik I. Etter fem år der flytte han til Karlsruhe, der han var resten av livet sitt ved Det kongelege konservatoriet.

Sjølv om han ikkje var ein komponist i første rekke, var Danzi ein særs kompetent musikar. På sitt beste er musikken hans sjarmerande, tonerik og eit godt handverk. I dag er han hovudsakleg kjend for kvintettane for treblåseinstrument. Han komponerte for dei fleste sjangrar som fanst på den tida.

Francesca Lebrun (1756-1791), ein songar og komponist, var syster til Franz Danzi.

I Schwetzingen er konserthallen i byen kalla opp etter han i 2005.

Utvalde verk[endre | endre wikiteksten]

Nokre av musikkverka hans er:

  • Symphonie concertante i E-dur for treblåsekvintett og orkester (1785)
  • 3 strykekvartettar Op. 5
  • 6 strykekvartettar, Op. 6
  • 3 duettar for bratsj og cello (bok 1)
  • 3 duettar for bratsj og cello, Op. 9 (bok 2)
  • Treblåsesekstett i E-dur, Op. 10
  • Sinfonia i C-dur for orkester, Op. 25 (Danzi skreiv 8 sinfoniaer totalt.)
  • Hornsonate i Edur, Op. 28 (c.1805)
  • 3 strykekvartettar, Op. 29
  • Fløytekonsert nr. 1 i G-dur, Op. 30
  • 3 String Quartets, Op. 29
  • Fløytekonsert nr. 1 i G-dur, Op. 30
  • Fløytekonsert nr. 2 i D-moll, Op. 31
  • 3 kvartettar for fagott og strykarar, Op. 40
  • Kvintett i d-moll for piano og treblåseinstrument, Op. 41 (publisert 1810)
  • Fløytekonsert nr. 3 i d-moll, Op. 42
  • Fløytekonsert nr. 4 i D-dur, Op. 43
  • Sonata concertante i E-moll for horn og piano, Op. 44
  • Symphonie concertante i B-dur for fløyte, klarinett og orkester, Op. 47
  • Kvintett i F-dur for piano og treblåseinstrument, Op. 53
  • Kvintett i D-dur for piano og treblåseinstrument, Op. 54
  • 3 treblåsekvintettar, Op. 56
  • 6 strykekvintettar (med to bratsjar), Op. 66
  • 3 treblåsekvintettar, Op. 67
  • 3 treblåsekvintettar, Op. 68
  • 3 trioar for fløyte og strykarar, Op. 71
  • 4 fagottkonsertar
  • Cellokonsert
  • Hornkonsert
  • Ouvertüre i E-dur for orkester
  • Pianokonsert i E-dur
  • Sonate i D-dur for 2 orgel
  • Sonatina i D-dur for fløyte og piano

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]