Franz Moritz von Lacy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Franz Moritz von Lacy
Count Franz Moritz von Lacy (oil on canvas portrait HGM).jpg
Fødd 21. oktober 1725
St. Petersburg
Død

24. november 1801
Wien

Yrke militær leiar
Franz Moritz von Lacy på Commons

Franz Moritz von Lacy eller Lascy, russisk Boris Petrovitsj Lassi (21. oktober 172524. november 1801), var ein austerriksk feltmarskalk, fødd i St. Petersburg.

Far hans, grev Peter Lacy, var ein russisk feltmarskalk, som var av irsk avstamming. Franz Moritz vart utdanna i Tyskland for ei militær karriere og gjekk i teneste for Austerrike. Han tente i Italia, Böhmen, Schlesien og Nederlanda under den austerrikske arvefølgjekrigen. Han vart då skadd to gonger og mot slutten av krigen hadde han vorte oberstløytnant. 25 år gammal vart han oberst og kommandant for eit infanteriregiment.

Under sjuårskrigen var han igjen aktiv i teneste og i det første slaget (Lobositz) utmerkte han seg så pass at han vart forfremma til generalmajor. Han vart denne gongen skadd for tredje gong, og for fjerde gong i slaget ved Praha i 1757. Seinare i 1757 var Lacy sterkt medverkande til den store sigeren i Breslau og i Leuthen, der han vart skadd femte gongen, dekte han tilbaketrekkinga til den slåtte armeen. Kort tid etter starta han samarbeidet med feltmarskalk Daun, den nye øvstkommanderande for styrkane til keisaren, og desse to kommandantane, seinare med støtte frå Laudon, jaga Fredrik den store for resten av krigen.

Det vart opprette ein generalstab og Lacy vart nestkommanderande feltmarskalk berre 32 år gammal. Han vart stabssjef for Daun. Etter slaget ved Hochkirch (15. oktober 1758) fekk Lacy storkrossen i Maria Teresia-ordenen. I 1759 fall både Daun og Lacy i unåde etter at dei ikkje vann kampane sine, og Lacy vart berre forfremma til Feldzeugmeister fordi Laudon nettopp hadde fått denne rangen for måten han handsama slaget ved Kunersdorff. Lacy fekk mykje ansvar i dei neste felttoga, men sjølv Daun var tvilande til evna hans som øvstkommanderande, og nekta han mellom anna kommandoen då han sjølv vart skadd i Torgau.

Maria Teresia sette sonen sin, keisar Josef II, til å leie det austerrikske militæret. Lacy vart feltmarskalk og fekk oppgåva med å reformere og administrere hæren i 1766. Han oppretta nye forskrifter for kvar våpengrein, eit nytt lovsystem for forsvaret og eit godt logistikksystem. Som følgje av arbeidet hans vart den austerrikske hæren større, betre utrusta og billigare enn før. Josef II vart raskt ein nær ven av Lacy.

Alt arbeidet sleit på Lacy og i 1773 la han ned arbeidet sitt og reiste til Sør-Frankrike. Då han kom attende klarte han ikkje å halde fram i embetet sitt, men vart ein slags rådgjevar i politiske og militære saker.

Grava til grev Lacy i Schwarzenbergpark i Neuwaldegg i Wien

I den korte bayerske arvefølgjekrigen, var Lacy og Laudon dei austerrikske øvstkommanderande mot Fredrik den store, og då Josef II vart herskar over Austerrike etter at Maria Teresia døydde, var Lacy framleis den næraste venen hans. Like etter braut den austerriksk-tyrkiske krigen ut, men Lacy var no gammal og sliten, og han oppnådde ikkje stort meir enn andre austerrikske generalar gjorde i krigen. Den aktive karrieren hans var over, men han tok framleis del i forretningane til staten og militæret gjennom regjeringstida til etterfølgjaren til Josef II, Leopold II. Dei siste åra sine budde han i slottet sitt i Neuwaldegg nær Wien.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]