Franz von Papen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Franz von Papen
Bundesarchiv Bild 183-1988-0113-500, Franz v. Papen.jpg
FøddFranz Joseph Hermann Michael Maria von Papen
29. oktober 1879
Werl
Død2. mai 1969
Sasbach
Statsborgar avTyskland
PartiDeutsche Zentrumspartei, NSDAP
Yrkepolitikar, diplomat, militær
Utdanna vedDet prøyssiske krigsakademiet
FarFriedrich von Papen
EktefelleMartha von Papen
BarnFriedrich Franz von Papen

Franz von Papen (29. oktober 18792. mai 1969), fullt namn Franz Joseph Hermann Michael Maria von Papen, var ein tysk politikar for Det katolske sentrumspartiet, og seinare partilaus konservativ. Han danna regjering i 1932, og var ein sentral medlem av president Paul von Hindenburg sin konservative kamarilja. Han spelte seinare ei sentral rolle i danninga av Adolf Hitler si regjering, men vart deretter raskt marginalisert av nasjonalsosialistane etter å vore kritisk til politikken deira. Etter dei lange knivars natt i 1934 spelte han ingen politisk rolle.

Militær og tidleg politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Papen i ridedrakt, 1903

Han vart fødd inn i ein rik katolsk adelsfamilie i Westfalen som son av ein godseigar.[1] Etter militær utdanning som kavalerioffiser byrja han ein diplomatisk løpebane som tysk militærattaché ved ambassadane i Washington og Mexico. Under fyrste verdskrig var han først bataljonssjef ved Vestfronten, seinare generalstabsoffiser i Midtausten og deretter major i den tyrkiske armeen i Palestina. Han tok avskjed frå militæret som oberstløytnant i 1918/19, og byrja å engasjera seg i politikk og konservative herreklubbar. Frå 1920–1928 og 1930–1932 var von Papen medlem av det prøyssiske parlamentet for Det katolske sentrumspartiet, der han tilhøyrde den monarkistiske høgrefløya.[2] Medan han var stasjonert i Tyrkia vart han ven med Joachim von Ribbentrop, som også var utplassert der. Ribbentrop var seinare utanriksminister i Hitler si regjering.[3][4][5]

Kansler[endre | endre wikiteksten]

Riksdagen er samla 12. september 1932. Papen er klår til å forkynna ei oppløysing av Riksdagen

Den 1. juni 1932 vart Papen utnemnd av rikspresident Paul von Hindenburg til å etterfølgja Heinrich Brüning som rikskanslar og leiar av regjeringa.[1] Han tredde ut av Sentrumspartiet den 3. juni 1932 for å koma ei utestenging frå partiet i forkjøpet. Grunnen var den illojale haldninga hans mot Brüning og danninga av ein koalisjon med DNVP (det konservative partiet) utan parlamentarisk fleirtal.

Den 20. juli avsette Hindenburg den valde Otto Brauns prøyssiske regjering (SPD) og utnemnde Papen til rikskommissær i Preussen (Preußenschlag).[1] To gonger i løpet av regjeringstida til Papen, den 4. juni og den 12. september, oppløyste Hindenburg parlamentet. Papen regjerte deretter gjennom nødforordninger frå Rikspresidenten. Oppløysinga av Riksdagen den 12. september skjedde etter eit mistillitsvotum mot Papen. Etter riksdagsvalet 5. november 1932 tredde han den 17. november tilbake som rikskansler, då Hindenburg ikkje ville gje han dei diktatoriske fullmaktene han forlangte.

Visekanslar og marginalisering[endre | endre wikiteksten]

For å få danna ei ny regjering arbeidde Papen med ein plan som innebar å la nasjonalsosialistane koma inn i ein konservativ-dominert regjering, og deretter marginalisere dei.[2] Papen forsikra den skeptiske presidenten om at han kunne klara å kontrollera Hitler, og sa at han ville boksa inn Hitler og at innan to månader vil vi ha pressa Hitler så langt inn i hjørnet at han skrik. Dei konservative hadde 8 kabinettpostar med Papen som visekanslar,[2] mot nasjonalsosialistane sine 3, med Hitler som regjeringssjef. Men i staden vart det Hitler som raskt marginaliserte Papen og resten av dei konservative. Korkje Papen eller dei andre konservative allierte våga å ta opp kampen mot riksdagsbrannforordninga eller fullmaktslova.

Papen forstod kva som skjedde, og innleidde løynlege samtalar med andre konservative krefter for å få presidenten til å avsetja Hitler.

Marburg-talen[endre | endre wikiteksten]

I ein tale i Marburg, kjend som Marburg-talen, gjorde Papen den konservative kritikken mot nasjonalsosialistane tydeleg, særleg når det galdt tilhøvet til religion og rasepolitikken, og kritiserte valdshandlingane og innskrenkingane i borgarlege fridomar. Talen gjorde Hitler rasande, og nasjonalsosialistene undertrykka omtale av han. Papen hevda å snakka på vegner av president Hindenburg og søkte avskjed frå regjeringa i protest. Nasjonalsosialistane slo kort etter til med dei lange knivars natt der ei rekkje motstandarar av regimet, og dessutan intern opposisjon, vart drepne. Papen vart arrestert og kontoret hans ransaka, men han vart lauslaten fordi nasjonalsosialistene meinte han kunne vera nyttig som diplomatisk trumfkort. Derimot vart sekretæren hans, Herbert von Bose, og taleskrivaren Edgar Julius Jung, som båe hadde vore viktige i utforminga av Marburg-talen, myrda av nasjonalsosialistane. Papen vart gjeven avskjed som visekanslar 1. juli 1934 og spelte sidan ikkje noka politisk rolle.

Diplomatiske stasjoneringar[endre | endre wikiteksten]

Papen vart seinare utnemnd til sendemann, frå 1936 ambassadør, i Austerrike, og frå 1939 i Tyrkia, der han m.a. forhandla fram den tysk-tyrkiske vennskapsavtalen. Han vart verande i Tyrkia fram til 1944, då landet braut det diplomatiske sambandet med Tyskland.[2] Ironisk nok arbeidde nasjonalsosialistane med planar om å drepa Papen og bruka det som påskot for å ta kontroll over Austerrike.[treng kjelde]

Virke etter andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Papen (sitjande i midten utan briller) under Nürnbergprosessen, der han blei frifunnen. Hans Frank er sitjande med mørke briller. Ståande frå venstre: Alfred Jodl, Rudolf Hess, Alfred Rosenberg, Wilhelm Frick (delvis med ryggen til) og Albert Speer

Amerikanarane tiltalte von Papen i Nürnbergprosessen etter krigen lovbrot mot freden, men han vart frikjend.[6] I 1947 vart han dømd til 8 års tvangsarbeid, og i 1949 slapp han fri.[2][7] Han freista å gjenoppta ein politisk karriere på 1950-talet, utan å få nokon sentrale posisjonar.

Papen hadde vorte utnemnd til paveleg geheimekammerherre av pave Pius XI. Etter at Pius XI døydde i 1939 vart ikkje utnemninga til kammerherre fornya av etterfølgjaren Pius XII. Men den neste paven, Johannes XXIII, som Papen kjende frå åra i Hellas og Tyrkia, utnemnde Papen til paveleg kammerherre i 1959. Papen var òg riddar av Maltesarordenen.

Papen utgav i seinare år fleire bøker og memoarar, der han forsvarte sin eigen politikk og handsama perioden frå 1930 til 1933, og dessutan den tidlege fasen i den kalde krigen. Papen roste Schumanplanen og støtta økonomisk og militært samarbeid i Vest-Europa. Han budde på Benzenhofen-slottet i Schwaben.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Papen gifta seg i 1905 med Martha von Boch-Galhau (1880–1961), ein av arvingane til det kjende keramikkdynastiet Villeroy & Boch. Ho førte store pengeverdiar og dessutan eit herskapeleg gods i Saar inn i ekteskapet. Godset er enno i eiget til Papen-familien.

Franz og Martha von Papen hadde ein son, Friedrich Franz von Papen (fødd 1911) og fire døtrer, m.a. Antoinette von Papen (fødd 1906), som i 1926 vart gift med juristen og statstenestemannen Max von Stockhausen. Ein anna dotter var gift med Wilhelm Freiherr von Ketteler, som var ein nær medarbeidar av Papen og vart drepen av Gestapo i 1938.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Franz von Papen 1879-1969». 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Elster, Torolf (1948). Krigen 1939-1945. Fjerde bind: Krigens leksikon. Oslo: Tiden. 
  3. Just, Carl (1939). Krigens menn: deres liv og karriére. Oslo: Blix. 
  4. Bloch, Michael (2003). Ribbentrop. London: Hachette/Crown. 
  5. Shirer, William L. (1961). Det tredje rikes vekst og fall. Oslo: Cappelen. 
  6. «Verdicts of the Nuremberg Trial». Current History: 410. november 1946. 
  7. «Franz von Papen». Store norske leksikon (bokmål). 9. januar 2019. Henta 8. april 2020.