François Bocion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
François Bocion

Statsborgarskap Sveits
Fødd 30. mars 1828
Lausanne
Død

12. desember 1890 (62 år)
Lausanne

Yrke kunstmålar, universitetslærar
François Bocion på Commons

François-Louis David Bocion (30. mars 182813. desember 1890) var ein sveitsisk målar som vert rekna til stilretninga impresjonismen. Han vart internasjonalt kjent som «målaren av Genfersjøen».

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Près d'Evian ved Genfersjøen, 1883

Bocion kom frå ein rik familie i Lausanne. Tidleg vart han undervist i teikning av målaren Christian Steinlen ved École de Moyenne i Vevey, deretter gjekk han i lære hos den franske landskapsmålaren François Bonnet i Lausanne. År 1845 reiste han til Paris, der han fram til 1847 arbeidde i atelieret til Louis-Aimé Grosclaude og Charles Gleyre.

I fyrstninga måla Bocion hovudsakleg historiemåleri. Snart bytta han til marinemåleri, etter å ha vorte påverka av Camille Corot sine landskapsbilete. Han begynte då å måle scener frå områda kring Genfersjøen, og som han vert særleg hugsa for i dag.

Rundt 1849 tok han arbeid som formingslærar ved École de Moyenne i Lausanne. Mellom elevane hans var Théophile Steinlen og Eugène Grasset, begge bysbarn av Lausanne. Bocion oppmuntra dei til å utvide kunnskapen sin gjennom å studere og arbeide i det spirande kunstmiljøet i Paris. I over 40 år arbeidde Bocion på industriskulen i heimbyen.

Bocion døydde i heimbyen Lausanne i 1890.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]