Romanen Fred

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fred (1892))
Hopp til navigering Hopp til søk

Utanfor, i Vest, bryt Have paa mot ei sju Milir lang laag Sandstrand. Det er sjølve Have. Nordhave breidt og fritt, ukløyvt og utøymt, endelaust. Svartgrønt og salt kjem det i veldig Rulling veltande inn or dei vestlege Himlar, drivi av Storstormane fraa Nordisen og Kanalen, køyrande sine fakskvite Brimhestar fram or Havskodda, so Skumskavlen stend, durande sin djupe Æveheims Orgetone fraa dei ytste Avgrunnar. So støyper det seg mot Strandi og krasar seg sund i kvit Foss, med Dunk og Dýn og lange Brak, døyande burt i døyvt Dunder.

Arne Garborg
Frå opninga til Fred
Communauté silhouette modif.jpg

Fred er ein roman av Arne Garborg. Boka kom ut i 1892, og handlar om dei religiøse grubleria til Enok Hove.

Historia har for Garborg sterke sjølvbiografiske trekk, og romanen kan lesast som eit oppgjer med kvalene Garborg sjølv hadde i samband med farens sjølvmord. Det gjekk sterkt innpå faren då Arne Garborg ville reise til Kristiania og bli student, i staden for å overta garden heime på Garborg. Teikninga av Enok Hove er i hovudsak sympatisk, og Garborg gjer bruk av skiftande synsvinkel for å få fram ei svakare og meir engsteleg side av Hove, enn den strenge, kompromisslause overflate familien ser og lid under.

Garborgheimen, der Arne Garborg var fødd og voks opp.
Foto: Gunleiv Hadland

Fred vert rekna til Noregs litterære kanon, og opningssida vert ofte trekt fram som eit døme på litterær meisterskap.

Romanen er også kjent for dei vakre naturskildringane frå Jæren, særleg den storslegne opninga med bølgjene frå Nordhavet som slår inn over jærstrendene. Både dette og det at mykje av handlinga går føre seg på det indre plan, gjer at romanen skil seg ut frå Garborgs naturalistiske romanar. Romanen gjev også ei skildring av forandringane i jordbrukssamfunnet på 1800-talet.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Åsfrid Svensen (1980). «Etterord». Verk / Arne Garborg. 5. Oslo: Aschehoug. s. 177. ISBN 82-03-10278-6. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]