Hopp til innhald

Fred Astaire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fred Astaire

StatsborgarskapUSA
Fødd10. mai 1899
Omaha
Død

22. juni 1987 (88 år)
Los Angeles

Yrkefilmskodespelar, koreograf, songar, dansar, filmprodusent, teaterskodespelar, stemmeskodespelar, programleiar, fjernsynsskodespelar, produsent, perkusjonist, skodespelar, ansvarlig produsent, TV-produsent
Språkengelsk
Høgd177 centimeter
Politisk partiDet republikanske partiet
Medlem avAmerican Theatre Hall of Fame
FarFritz Austerlitz
MorAnn Astaire
EktefellePhyllis Livingston Potter, Robyn Smith
Fred Astaire på Commons
Fred Astaire

Fred Astaire, fødd Frederick Austerlitz (10. mai 189922. juni 1987) var ein nordamerikansk filmskodespelar, scenedansar og songar.

I 1917 dansa han på Broadway i New York med søster si Adele som partnar. Dei to braut gjennom i 1918 og vart svært populære i både London og New York kor dei var med i musikalar som Lady Be Good (1924) og The Band Wagon (1931). Då søster Adele Astaire trekte seg tilbake frå dansen for å gifta seg i 1932, reiste Fred til Hollywood.

Fred Astaire debuterte som filmskodespelar i Dancing Lady (1933); her hadde han ei lita rolle som seg sjølv. I filmen Flying Down to Rio (1933) starta det svært så suksessfulle samarbeidet Astaire hadde med Ginger Rogers.

Dette var starten på eit mangeårig samarbeid; dei to spelte saman i mellom andre filmane Top Hat (1935), Swing Time (1936) og Shall We Dance (1937).