Fred Below

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fred Below
Fred Below.jpg
Below i 1975
Fødd6. september 1926(1926-09-06)
FødestadChicago, Illinois, USA
Død13. august 1988 (61 år)
DødsstadChicago
FødenamnFrederick Below jr.
OpphavUSA
SjangerBlues
InstrumentTrommer
Verka sommusikar

Frederick Below jr. (6. september 192613. august 1988)[1] var ein USA-amerikansk bluestrommeslagar, mest kjend for arbeidet sitt med Little Walter og Chess Records i 1950-åra. I følgje Tony Russell var det Below som skapte mykje av rytmestrukturen i Chicago blues, særleg etterslaget.[2] Han var trommeslagar på Chuck Berry-songane «Johnny B. Goode» og «School Days». Han spelte òg med Muddy Waters, Junior Wells, Bo Diddley, Jimmy Rogers, Elmore James, Otis Rush, Howlin' Wolf og andre.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eagle, Bob; LeBlanc, Eric S. (2013). Blues - A Regional Experience. Santa Barbara: Praeger Publishers. s. 67. ISBN 978-0313344237. 
  2. 2,0 2,1 Russell, Tony (1997). The Blues: From Robert Johnson to Robert Cray. Dubai: Carlton Books. s. 91. ISBN 1-85868-255-X.