Fred Carter jr.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fred Carter Jr.
Fødd31. desember 1933(1933-12-31)
FødestadWinnsboro i Louisiana i USA
Død17. juli 2010 (76 år)
DødsstadNashville i Tennessee i USA
FødenamnFred F. Carter jr.
OpphavUSA
SjangerCountry
InstrumentGuitar, mandolin, bass, vokal
Verka somMusikar, plateprodusent, songar, komponist

Fred F. Carter jr. (31. desember 193317. juli 2010)[1] var ein USA-amerikansk gitarist, songar, produsent og komponist.

Carter byrja å spele gitar for alvor tidleg i 20-åra og spelte mykje på Louisiana Hayride. Her danna han langvarige venskap med mange musikarar, som Slim Whitman, Floyd Cramer, Sonny James, Hank Snow, Faron Young, Johnny Horton, Jim Reeves og mange andre. Carter møtte Roy Orbison på denne tida og vart ein del av bandet hans. Seinare arbeidde han med Orbison i Nashville og spelar til dømes gitaren i opninga på «Dream Baby». Han arbeidde så med Dale Hawkins, og vart så med i syskenbarnet Ronnie Hawkins si gruppe, The Hawks, som seinare utvikla eg til The Band (utan Hawkins). I denne tida spelte han òg med Conway Twitty.

Tidleg i 1960-åra slo Carter seg ned i Nashville og vart studiomusikar der som ein del av det kjende A-Team. Han spelte her mellom anna på to av albuma til Joan Baez og med Simon and GarfunkelBridge over Troubled Water. Mellom anna spelte Carter gitar på «The Boxer» av Simon and Garfunkel (der han laga det ikoniske opningsriffet), «I'm Just An Old Chunk Of Coal» av John Anderson, «I've Always Been Crazy» og «Whistlers and Jugglers» av Waylon Jennings. Han spelte òg gitar og bass på Bob Dylan-albuma Self Portrait og Nashville Skyline i tillegg til Connie Francis-hitten «The Wedding Cake». På denne tida var Carter òg medlem av supergruppa Levon Helm and the RCO All Stars, som bestod av Levon Helm, Booker T. Jones, Dr. John, Donald «Duck» Dunn og blåsarane frå Saturday Night Live.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Paxman, Bob, «Musikar Fred Carter Jr. Dies», Country Weekly, 19. juli 2010