Fred Karlsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fred Karlsson

Statsborgarskap Finland
Fødd 17. februar 1946 (78 år)
Åbo
Yrke lingvist, universitetslærar
Språk finsk, svensk, engelsk
Medlem av Finska Vetenskaps-Societeten, Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien, Academia Europaea
Far Göran Karlsson
Nettstad https://researchportal.helsinki.fi/en/persons/46538b89-d446-4bd7-9512-f1ab7154cdfa

Fred Karlsson (fødd 17. februar 1946) i Åbo, er professor i allmenn lingvistikk ved Helsingfors universitet.

Fred Karlsson har gjeve viktige bidrag til språkvitskapen innanfor morfologi, datalingvistikk og lingvistikkens historie.

Som morfolog har Karlsson framfor alt skrive om finsk. Finsk grammatik frå 1978 er ein klassikar, omsett til fleire språk, og har vorte modell for tilsvarande bøker om andre språk. Boka er ei synkron, relativt uttømmande skildring av finsk morfofonologi og morfologi, der stoffet er ordna med ein progresjon som gjer det lett å lese boka frå perm til perm, med eit regelsett som er laga for at lesaren skal ta det i aktivt bruk for sjølv å generere finske ordformer. Han har også skrive andre bøker, m.a. den meir tekniske Suomen kielen äänne- ja muotorakenne frå 1983. Fennistar i Finland kritiserte Karlsson for å vere ahistorisk, m.a. for å postulere käsi som underliggjande form av substantivet käsi "hand", heller enn det historisk rekonstruerte käte-, men dei missa dermed Karlssons poeng, som var at dei historiske tilhøva var irrelevant. 1983-grammatikken hans gjer greie på stadieveksling på ein synkron måte, utan å bruke omgrep som open og lukka staving, også dette var nytt då boka kom ut.

Innanfor datalingvistikk og språkteknologi har Karlsson laga ein språkuavhengig formalisme kalla føringsgrammatikk (constraint grammar, rajoitekielioppi, restriktionsgrammatik). Ideen attom er enkel: Som menneske er vi i stand til å løyse grammatisk homonymi på bakgrunn av kontekst: I setninga Vi skal skrive er «skrive» infinitiv og ikkje perfektiv partisipp, dette veit vi på grunn av hjelpeverbet til venstre. Føringsgrammatikken er ein formalisme for å velje rett analyse på bakgrunn av kontekstuelle hint. Regelen her vil vere «vel lesinga Infintiv viss ordet til venstre er eit hjelpeverb». Karlsson skreiv formalismen sin i Lisp, seinare har andre (m.a. Pasi Tapanainen, Pasi Ryhänen og Eckhard Bick reprogrammert han i C). Den originale referansen til føringsgrammatikken er Karlsson 1990.

Karlsson har også arbeidd med faghistorie. Det viktigaste arbeidet hans her er The History of Linguistics in the Nordic Countries, skrive i lag med Even Hovdhaugen, Fred Karlsson, Carol Henriksen, og Bengt Sigurd, The History of Linguistics in the Nordic Countries, Societas Scientiarum Fennica, Jyväskylä 2000. Han har også skrive ein biografi over E.N. Setälä, E.N. Setälä vaarallisilla vesillä (E.N. Setälä i farleg farvatn). Denne boka er spanande som ein kriminalroman, og skildrar korleis Setälä fekk den sentrale posisjonen i finsk språkforsking som han fekk, og konsekvensane av det.

Biografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]