Fredag den 13.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fredag den 13. har vi når den 13. dagen i ein månad fell på ein fredag. I vesteuropeiske og særleg engelskspråklege land blir dagen knytt til uhell. Det blir gjerne sagt at ein ikkje bør begynne på større prosjekt på fredag den 13. Det er også få som giftar seg på denne dagen.

Det er få kjelder som kan fortelje noko om kor gammal denne oppfatninga er. I Noreg er det ingenting som tyder på at dagen var rekna som uheldig før på 1800-talet. Det finst heller ikkje kjelder som kan fortelje korleis denne oppfatninga starta, men i kristen tradisjon har fredagen lenge vore sett på som ein uheldig dag fordi Jesus døydde på ein fredag. Langfredag har vore sett på som ein spesielt uheldig dag. Talet 13 har vore oppfatta som eit uheldig tal i mange kulturar fordi det er slikt eit usymmetrisk oddetal.

Folkloristar reknar oppfatninga om fredag den 13. til kategorien «kvardagsovertru», men det er neppe snakk om eigentleg folketru, heller konvensjonar og talemåtar. Desse tradisjonane inneheld også gjerne sine eigne opphavsforklaringar, ofte også ganske kuriøse. Av dei forklaringane som er knytte til fredag den 13. kan nemnast at kong Filip IV av Frankrike gav ordre om arrestasjon av alle tempelriddarane i landet fredag 13. oktober 1307.[1][2] Ei anna forklaring er at fenomenet heng saman med at Judas Iskariot var den trettande ved bordet under Jesu siste påskemåltid.

I enkelte land, som Spania og Hellas, er det tysdag (og ikkje fredag) den 13. som blir knytt til ulykke.

Førekomst[endre | endre wikiteksten]

Det vil alltid vera minst éin og maksimalt tre fredagar den 13. kvart år. Dersom ein månad begynner på ein søndag, kjem den 13. til å vera ein fredag.

Fredag den 13. i 2017:

Fredag den 13. i 2018:

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Tilvisingar[endre | endre wikiteksten]

  1. Snopes: Friday the 13th (engelsk)
  2. urban legends: Friday the 13th (engelsk)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]