Freddie Mercury

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Freddie Mercury
Freddie Mercury performing in New Haven, CT, November 1977.jpg
Mercury i New Haven i Connecticut i 1977 med Queen
Verkeleg namn Farrokh Bulsara
Alias Freddie Bulsara
Fødd 5. september 1946(1946-09-05), Stone Town i Sultanatet Zanzibar (dagens Tanzania)
Død 24. november 1991, Kensington i London i England
Instrument
  • Vokal
  • piano
  • klaverinstrument
  • gitar
Sjanger rock
Aktive år 1969–1991
Yrke
  • Songar-låtskrivar
  • plateprodusent
Tilknytte artistar
Plateselskap

Freddie Mercury (fødd 5. september 1946 som Farrokh Bulsara, daud 24. november 1991) var ein britisk songar, låtskrivar og plateprodusent, kjend som frontmann i rockebandet Queen. Han var kjend for den prangande scenepersonen hans og det fire oktavar store spennet i stemma si.[1][2][3] Mercury skreiv mange hittar for Queen («Bohemian Rhapsody,» «Killer Queen,» «Somebody to Love,» «Don't Stop Me Now,» «Crazy Little Thing Called Love» og «We Are the Champions») og var stundom produsent og gjestemusikar (piano eller vokal) for andre artistar. Han hadde òg ein solokarriere medan han spelte med Queen.

Mercury vart fødd av parsisk ætt i sultanatet Zanzibar og voks opp der og i India fram til midten av tenåra, før han flytta med familien til Middelsex i England. Han danna til slutt bandet Queen i 1970 i lag med Brian May og Roger Taylor. Mercury døydde i 1991, 45 år gammal, etter komplikasjonar han fekk av AIDS. Han erkjente dagen før han døydde at han hadde fått sjukdommen.

I 1992 vart Mercury posthumt tildelt Brit Award for «eineståande bidrag til britisk musikk» og han fekk ein hyllestkonsert ved Wembley Stadium i London. Som medlem av Queen vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2001, Songwriters Hall of Fame i 2003, UK Music Hall of Fame i 2004, og bandet fekk ei stjerne på Hollywood Walk of Fame i 2002. I 2002 vart han plassert på 58. plass i ei undersøking frå BBC over dei 100 største britane gjennom tidene. Han vert ofte rekna blant dei største songarane i pophistoria og vart kåra til beste mannlege songar gjennom tidene i ei rundspørjing i 2005 utført av Blender og MTV2;[4] vart rangert på 18. plass på lista til Rolling Stone over dei 100 beste songarane gjennom tidene i 2008;[3] vart kåra til den beste rockesongaren gjennom tidene av Classic Rock i 2009;[5] — og vart skildra av AllMusic som «ein av dei største entertainerane i rocken gjennom tidene» med «ein av dei størst stemmene uansett musikksjanger.»[6]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Mercury (fødd Farrokh Bulsara) vart fødd i det britiske protektoratet sultanatet Zanzibar i Aust-Afrika (i dag ein del av Tanzania).[7][8] Foreldra hans, Bomi (1908–2003) og Jer Bulsara (1922–),[a] var parsarar frå Gujarat-regionen i den dåverande provinsen Bombay presidentskap i Britisk India.[9] Etternamnet kom frå byen Bulsar (i dag Valsad) sør i Gujarat. Som parsarar praktiserte Mercury og familien parsisme.[10] Bulsara-familien hadde flytta til Zanzibar slik at faren kunne jobbe som kasserar ved det britiske kolonidepartementet. Ha hadde ei yngre syster, Kashmira.[11]

Huset i Zanzibar der Mercury budde dei første leveåra.

Mercury var det meste av barndommen i India og byrja å ta pianotimar då han var sju.[12] I 1954, åtte år gammal, vart Mercury sendt til St. Peter's School, ein britisk kostskule for gutar i Panchgani nær Bombay (i dag Mumbai).[13] Ein av dei tidlege musikalske inspirasjonskjeldene hans var Bollywood-songaren Lata Mangeshkar.[14] 12 år gammal danna han skulebandet The Hectics og spelte songar av rock and roll-artistar som Cliff Richard og Little Richard.[15] Ein ven frå den tida sa at han var veldig flink til å «høyre ein song på radio og så spele han att på piano».[16] Det var òg på St. Peter's at han byrja å kalle seg sjølv «Freddie», og i februar 1963 flytta han attende til Zanzibar der han budde med foreldra.[17]

17 år gammal flytta han og familien frå Zanzibar av tryggleiksårsaker i 1964 under Zanzibarrevlousjonen,[18] då tusenvis av arabarar og indarar vart drepne.[19] Familien flytta til eit lite hus i Feltham i Middlesex i England. Mercury byrja på Isleworth Polytechnic (no West Thames College) i West London, der han studerte kunst. Han fekk etter kvart diplom i Kunst og grafisk design ved Ealing Art College (i dag Ealing campus under University of West London), og nytta seinare det han lærte til å lage våpenskjoldet til Queen. Mercury var britisk borgar frå fødselen av og heile livet.[13]

Då han var ferdig med studiane vart Mercury med i ei rekkje band og selde brukte klede på Kensington Market i London med kjærasten Mary Austin. Han hadde òg ein jobb på Heathrow lufthamn. Vener av han på den tida hugsar han som ein roleg og sjenert ung mann som var særs interessert i musikk.[20] I 1969 vart han med i Liverpool-bandet Ibex, seinare kalla Wreckage. Han budde ei kort stund i ein leilegheit over ein pub i Liverpool, The Dovedale Towers.[21][22] Då bandet ikkje kom seg nokon stad, byrja han i eit anna band kalla Sour Milk Sea. Men tidleg i 1970 var òg dette bandet oppløyst.[23]

I april 1970 slo Mercury seg saman med gitarist Brian May og trommeslagaren Roger Taylor, som tidlegare hadde spelt i ei gruppe kalla Smile. Trass i at resten av bandet og Trident Studios, det første mangementet til bandet, var skeptisk, valte Mercury namnet «Queen» for det nye bandet. Han sa seinare «eg var klar over homo-assosiasjonane det gav, men det var berre ei side ved det»[24] Samstundes endra han etternamnet sitt frå Bulsara til Mercury.[25]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Songar[endre | endre wikiteksten]

Freddie Mercury i 1977.
Stemmevidda til Mercury.

Sjølv om røysta til Mercury naturleg var baryton, song han dei fleste songane som tenor.[26] Stemmerekkjevidda hans strekte seg frå bass låg F (F2) til sopran høg F (F6).[27] Biografen David Bret skildra stemma hans som «eskalerande i løpet av få takter frå djup og guttural, til ein dirrande tenor, og så til ein lys, perfekt koloratur, rein og krystallklår i det øvre registeret.»[28] Den spanske sopranen Montserrat Caballé, som Mercury spelte inn eit album med, uttrykte si meining om at «skilnaden mellom Freddie og ensten alle andre rockestjerner er at han selde røysta.»[29] Ho sa vidare,

Teknikken hans var utruleg. Ingen problem med tempo, han song med ei skarp rytmekjensle, vokalplasseringa hans var særs god og han klarte å gli leikande lett frå eit register til eit anna. Han hadde òg særs god musikalitet. Fraseringa hans var subtil, delikat og søt, eller energirik og smellande. Han klarte å finne den rette fargen eller uttrykke nyansar for kvart ord.[27]

Forskarar studerte i 2016 kva som appellerte med stemma til Mercury.[30] Forskarane var leia av professor Christian Herbst, og merka at Mercury nytta ein raskare vibrato og brukte subharmoniar, særleg samanlikna med operasongarar. Forskarane studerte vokalklipp frå 23 Queen-songar, soloarbeidet hans og ei rekkje intervju med artisten. Dei brukte òg eit endoskopisk videokemara for å studere ein rockesongar som imiterte syngestemma til Mercury.[31][32]

Låtskrivar[endre | endre wikiteksten]

Mercury skreiv 10 av 17 songar på Greatest Hits-albumet til Queen: «Bohemian Rhapsody,» «Seven Seas of Rhye,» «Killer Queen,» «Somebody to Love,» «Good Old-Fashioned Lover Boy,» «We Are the Champions,» «Bicycle Race,» «Don't Stop Me Now,» «Crazy Little Thing Called Love» and «Play the Game».[33]

Det mest merkverdige med låtskrivinga hans var alle sjangrane han brukte, som mellom anna omfatta rockabilly, progressiv rock, heavy metal, gospel og disco. Som han forklarte i 1986 «eg hatar å gjere det same om igjen og om igjen. Eg likar å sjå kva som skjer no i musikk, film og teater og bruke alt saman.»[34] Samanlikna med mange populære låtskrivarar, hadde Mercury òg ein tendens til å skrive musikalsk komplekse songar. Til dømes har «Bohemian Rhapsody» ein asyklisk struktur og består av dusinvis av akkordar.[35][36] Han skreiv òg seks songar frå Queen II som nytta fleire skifte i toneart og komplekse materiale. «Crazy Little Thing Called Love» består på den andre sida av berre få akkordar. Trass i at Mercury ofte skreiv særs intrikate harmoniar, hevda han sjølv at han ikkje kunne lese musikk.[37] Han skreiv dei fleste songane sine på piano og brukte mange forskjellige toneartar.[35]

Konsertartist[endre | endre wikiteksten]

Mercury på scenen i september 1984.

Mercury var kjend for korleis han var på scenen, der han ofte song for eit stadionpublikum verda over. Han hadde ein særs teatralsk stil og fekk ofte publikum med seg. Ein journalist for The Spectator skildra han som «ein artist ute etter å erte, sjokkere og til slutt sjarmere publikummet sitt med forskjellige ekstravagante versjonar av seg sjølv.»[38] David Bowie, som song under Freddie Mercury Tribute Concert og spelte inn songen «Under Pressure» med Queen, hylla scenestilen hans og sa: «Av alle dei meir teatralske rockeartistane, tok Freddie det lenger enn dei andre... han tok det over kanten. Og sjølvagt, eg har aldri beundra ein mann i tights. Eg såg berre ein konsert med han, han var definitivt ein mann so hadde publikum i den hole handa si»[39] Queen-gitarist Brian May skreiv at Mercury kunne få «pper sonen heilt bakarst på eit stadion til å føle at han var med.»[40]

Ein av dei mest kjende konsertane Mercury hadde med Queen var under Live Aid i 1985, då heile stadion på 72 000 menneske klappa, song og svaia i takt. Denne konserten har sidan blitt stemnd fram av folk i musikkindustrien som den beste konserten i rockehistoria. Resultatet vart sendt på lufta i eit fjernsynsprogram kalla «The World's Greatest Gigs».[41][42] Den mektige, lange tonen Mercury held under acappella-delen vart kalla «The Note Heard Round the World».[43] Under ein kommentar om Live Aid i 2005 skreiv ein kritikar, «Dei som set saman lister over dei største frontmennene i rocken, og set Mick Jagger, Robert Plant, etc på toppen, har alle gløymt nokon. Freddie var lett den mest guddommelege av dei alle, noko den dionysiske konserten hans under Live Aid beviser.»[44]

Gjennom karrieren sin, heldt Mercury kring 700 konsertar i land over heile verda med Queen. På ein Queen-konsert, var alt på stor skala. .[34] Han forklate ein gong, «Me er rock and roll sitt svar på Cecil B. DeMille, og ønskjer alltid å gjere ting større og betre.»[34] Bandet var dei første som spelte på stadion i Sør-Amerika, og braut rekorden for største konsertpublikum på Morumbi stadion i São Paulo i 1981.[45] I 1986 spelte Queen òg bak Jernteppet, då dei spelte for 80 000 menneske i Budapest, i det som då var den største konserten som var halden i Aust-Europa.[46] Den siste konserten til Mercury med Queen fann stad den 9. august 1986 i Knebworth Park i England føre 160 000 menneske.[47] Den britiske nasjonalsongen «God Save the Queen» vart spelt på slutten av konserten, medan Mercury var kledd i kappe og heldt ei gullkrone over hovudet og sa farvell til publikum.[48]

Instrumentalist[endre | endre wikiteksten]

Mercury spelar gitar på ein konsert med Queen i Frankfurt i Tyskland i 1984.

Som ung gut i India, tok Mercury pianotimar fram til han var ni år gammal. Seinare, medan han budde i London, lærte han å spele gitar. Mykje av musikken han likte var gitarbasert. Favorittartistane hans på den tida var The Who, The Beatles, Jimi Hendrix, David Bowie og Led Zeppelin. Han undervurderte ofte seg sjølv på begge instrument, og frå tidleg i 1980-åra nytta Queen ofte gjestemusikarar på klaverinstrument. Det same gjorde han i solokarrieren. Mellom anna nytta han Fred Mandel (ein kanadisk musikar som òg arbeidde med Pink Floyd, Elton John og Supertramp) for det første soloprosjektet hans, og frå 1985 og framover samarbeidde han med Mike Moran (i studio) og Spike Edney (på konsert).[49]

Mercury spelte piano i mange av dei mest populære Queen-songane, som «Killer Queen,» «Bohemian Rhapsody,» «Good Old Fashioned Lover Boy,» «We Are the Champions,» «Somebody To Love» og «Don't Stop Me Now». Han nytta eit flygel og stundom andre klaverinstrument som cembalo. Frå 1980 og frametter nytta han òg ofte synthesiserar i studio. Queen-gitaristen Brian May hevda at Mercury ikkje syns han var god nok på piano og nytta instrumentet mindre og mindre fordi han ønskte å gå rundt på scenen og underhalde publikum.[50] Sjølv om han skreiv mange linjer for gitar, kunne berre Mercury det mest grunnleggande på instrumentet. Songar som «Ogre Battle» og «Crazy Little Thing Called Love» vart skrivne på gitar. På sistnemnde spelte Mercury akustisk gitar både på scenen og i studio.[51]

Solokarriere[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til arbeidet med Queen, gav Mercury ut to soloalbum og fleire singlar. Sjølv om soloarbeidet hans ikkje selde like godt som dei fleste Queen-albuma, nådde dei to albuma og fleire av singlane topp 10 i Storbritannia. Av soloarbeidet hans medverka han til Richard «Wolfie» Wolf-miksen av Love Kills på albumet frå 1984 (songen vart òg nytta i filmen National Lampoon's Loaded Weapon 1) og ny filmmusikk til Fritz Lang-filmen Metropolis frå 1927. Songen, produsert av Giorgio Moroder, debuterte på 10. plassen på den britiske singellista.[52]

Dei to soloalbuma til Mercury var Mr. Bad Guy (1985) og Barcelona (1988). Mr. Bad Guy debuterte på topp ti på den britiske albumlista.[52] I 1993 gjekk ein remix av «Living on My Own», ein singel frå albumet, posthumt til toppen av UK Singles Charts.[53] Songen gav òg Mercury ein posthum Ivor Novello-prisen frå British Academy of Songwriters, Composers and Authors.[54] Allmusic-skribenten Eduardo Rivadavia skildra Mr. Bad Guy som «eineståande frå start til slutt» og meinte at Mercury «gjorde ein tilrådeleg jobb med å strekkje seg inn i ukjend territorium.»[55] Albumet har langt meir synthesiser enn det tidlegare Queen-album hadde.

Det andre albumet, Barcelona, vart spelt inn med den spanske sopranen Montserrat Caballé, og kombinerer element av popmusikk og opera. Mange kritikarar var usikre på kva dei skulle meine om albumet. Ein kalla det «den mest bisarre plata i år.»[56] Albumet var ein salssuksess,[57] og tittelsporet på albumet debuterte på åttandeplassen i Storbritannia og vart òg ein hit i Spania.[58] Tittelsporet vart mykje spelt på radio og TV som den offisielle hymnen til sommar-OL 1992 (i Barcelona eit år etter Mercury døydde). Caballé song songen live under opningsseremonien, medan partia til Mercury vart spelte på ein skjerm. Songen vart igjen framført før starten av Champions League-finalen i 1999 mellom Manchester United og Bayern München i Barcelona.[59]

I tillegg til to soloalbum, gav Mercury ut fleire singlar, mellom anna sin eigen versjon av «The Great Pretender» av The Platters, som debuterte på femteplassen i Storbritannia i 1987.[52] I september 2006 kom det ut eit samlealbum frå soloarbeidet til Mercury i høvet det som hadde vore 60-årsdagen hans. Albumet gjekk rett inn på topp 10 i Storbritannia.[60]

I 1981–1983 spelte Mercury inn fleire songar med Michael Jackson, mellom anna ein demoversjon av «State of Shock», «Victory» og «There Must Be More to Life Than This».[61] Ingen av desse vart offisielt gjeve ut, men det finst piratkopiar av dei. Jackson spelte sidan inn singelen «State of Shock» med Mick Jagger for The Jacksons-albumet Victory.[62] Mercury spelte ein soloversjon av «There Must Be More To Life Than This» på albumet Mr. Bad Guy.[63] I november 2011 annonserte Brian May at ei rekkje av duettane som Mercury spelte inn med Jackson skulle kome ut i 2012.[64][65] Utgjevinga vart seinare utsett til 2014.[66]

I tillegg til Michael Jackson, song Mercury og Roger Taylor tittelsporet for Billy Squier-albumet Emotions in Motion i 1982 og medverka seinare på to songar på Squier-albumet Enough Is Enough i 1986 med vokal på «Love is the Hero» og arrangement på «Lady With a Tenor Sax».[67]

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Forhold[endre | endre wikiteksten]

Mercury budde i 12 Stafford Terrace i Kensington i London, før han flytta til Garden Lodge.

Tidleg i 1970-åra hadde Mercury eit langvarig forhold med Mary Austin, som han møtte gjennom gitaristen Brian May. Han budde med Austin i fleire år i West Kensington i London. I midten av 1970-åra hadde songaren byrja ein affære med ein mannleg, amerikansk platesjef ved Elektra Records og i desember 1976 fortalte Mercury Austin om seksualiteten sin, som enda det romantiske forholdet deira.[49][68] Mercury flytta ut av leilegheita dei delte til 12 Stafford Terrace i Kensington og kjøpte ein stad til Austin som ho kunne ha sjølv i nærleiken.[49] Dei var nære vener gjennom åra, og Mercury kalla ho ofte den einaste sanne venen hans. I 1985 sa Mercury om Austin «Alle kjærastane mine spør meg kvifor dei ikkje kan erstatte Mary [Austin], men det er rett og slett umogeleg. Den einaste venen eg har er Mary og eg vil ikkje ha andre. For meg er ho var ho sambuaren min. For meg var det ekteskap. Me trudde på kvarandre, og det var nok for meg.»[69] Han skreiv fleire songar om Austin, mellom anna «Love of My Life». Den siste heimen til Mercury var Garden Lodge, 1 Logan Place, eit herskapshus med 28 rom i Kensington med ein stor hage omgjeve ein høg mur. Huset vart plukka ut av Austin.[70] I testamentet sitt, etterlet han heimen sin i London til Austin, i staden for partneren Jim Hutton, og sa til ho «Du ville ha vore kona mi og det ville ha blitt ditt likevel.»[71] Mercury var òg gudfar til den eldste sonen til Austin, Richard.[50]

Tidleg og midt på 1980-talet hadde han eit romantisk forhold med Barbara Valentin, ei austerriksk skodespelarinne, som er med i videoen til «It's a Hard Life».[72][73] I 1985 starta han eit langvarig forhold med frisøren Jim Hutton (1949–2010).[74] Hutton, som testa positivt for HIV i 1990, budde med Mercury dei seks siste åra av livet hans, pleia han då han var sjuk og sat ved senga hans då han døydde. Hutton sa Mercury døydde med bryllaupsbandet Hutton hadde gjeve han.[75]

Sjukdom og død[endre | endre wikiteksten]

I oktober 1986 rapporterte britisk presse at Mercury sin blodprøve var blitt testa for HIV/AIDS ved ein klinikk på Harley Street. Ein reporter for The Sun, Hugh Whittow, spurte Mercury om historia ved Heathrow lufthamn då han kom attende frå ei reise til Japan. Mercury nekta for at han hadde noko sjukdomm.[76] I følgje partneren Jim Hutton, fekk Mercury diagonsen AIDS kort tid før påske i 1987.[77] På den tida hevda Mercury at han var blitt testa negativt for HIV.[29] Trass i dette gjekk det stadige rykte om sjukdomen hans dei neste åra i britisk presse, mellom anna fordi han vart stadig tynnare, Queen ikkje turnerte lenger og rapportar frå tidlegare kjærastar til forskjellige tabloide aviser. I 1990 var det ofte rykte om helsa til Mercury i media.[78] Under Brit Awards den 18. februar 1990 i Dominion Theatre i London, dukka ein skral Mercury opp for siste gong på scenen i lag med resten av QUeen for å motta ein Brit Award for «einestånde bidrag til musikken».[79][80] Mot slutten av livet vart han ofte forfølgd av fotografar, medan The Sun trykte ei rekkje artiklar som hevda at han var sjuk, mellom anna i november 1990 då dei trykte eit bilete av ein særs mager Mercury på framsida med overskrifta «Det er offisielt - Freddie er alvorleg sjuk.»[81]

Mercury og den indre kretsen av kollegare og vener han følte han kunne stole på, fortsette å nekte for historiene, sjølv etter ein artikkel den 29. april 1991 då Mercury såg særs skral ut på eit bilete.[82] Det har blitt føreslått at han kunne ha bidrege til å auke forståinga for AIDS om han hadde fortalt om situasjonen sin tidlegare.[83][84] Mercury heldt tilstanden sin privat for å verne dei som stod han nærmast, og Brian May stadfesta i eit intervju i 1993 at han hadde informert bandet om sjukdommen langt tidlegare.[85][86] I mai 1991 vart musikkvideoen for «These Are the Days of Our Lives» filma med ein særs tynn Mercury. Dette vart dei siste scenane hans føre kamera.[87] Resten av bandet var klare til å spele inn musikk då Mercury følte seg pigg nok til å kome i studio, gjerne berre ein time og to om gangen. May sa om Mercury: «Han sa berre 'Skreiv meir til meg. Skriv meir musikk. Eg vil berre synge dette og gjere det, og når eg er borte så kan de gjere det ferdig' Han frykta verkeleg ikkje noko.»[88] Justin Shirley-Smith, som var assisterande lydteknikar for desse siste innspelingane, sa: «Det er vanskeleg å forklare til folk, men det var ikkje trist, det var særs gledeleg. Han var ein av dei mest morosame menneska eg nokon gong har møtt. Eg lo det meste av tida, med han. Freddie sa [om sjukdommen] 'eg skal ikkje tenkje på det, eg skal gjere dette'».[88]

Etter dei siste innspelingane med Queen i juni 1991, trekte Mercury seg attende til heimen sin i Kensington i London. Den tidelgare kjæraste, Mary Austin, hadde vore ei særleg stor trøyst for han dei iste åra, og dei siste vekene var ho ofte heime hos han for å ta seg av han.[89] Nær slutten byrja Mercury å miste synet, og han klarte ikkje lenger kome seg ut av senga.[89] Då tilhøva vart så dårlege, valte Mercury å framskynde døden sin med å slutte med medisinane og berre ta smertestillande.[89]

Den 22. november 1991 ringde Mercury til manageren til Queen, Jim Beach, for at han skulle kome heim til han i Kensington for å diskutere ei pressemelding. Dagen etter vart følgjande melding sendt til den internasjonale pressa på vegner av Mercury:[85]

« Etter mange spekulasjonar i pressa dei siste to vekene, ønskjer eg no å stadfeste at eg er HIV-positiv og har AIDS. Eg følte det var rett å halde dette privat fram til no, for å verne privatlivet til dei kring meg. Men no har tida komen for venene og fansen min verda over å få vite sanninga, og eg håpar at alle vil bli med meg, legane mine og alle verda over i å kjempe mot denne forferdelege sjukdommen. Privatlivet mitt har alltid vært spesielt for meg og eg er kjend for å ikkje gje intervju. Vær så snill og forstå at eg vil fortsetje med dette.  »

Kvelden 24. november 1991, berre litt over 24 timar etter meldinga kom ut, døydde Mercury, 45 år gammal i heimen sin i Kensington.[90] Den offisielle dødsårsaken var bronkopneumoni som følgje av AIDS.[91] Den nære vene til Mercury, Dave Clark frå The Dave Clark Five, sat og våka ved senga hans då han døydde. Austin ringde til foreldra og syster til Mercury for å gje dei dødsbodskapen,[92] som nådde aviser og TV morgonen den 25. november.[93]

Den siste heimen til i Garden Lodge, 1 Logan Place vest i London. Bilete frå 2014.

Den 27. november vart det halde gravferd for Mercury av ein parsistisk prest. Familien og 35 av dei nærmaste venene var til stades i gravferda, inkludert dei attverande medlemmane i Queen og Elton John.[94][95] Kista hans vart bert inn i kapellet til lydane av «Take My Hand, Precious Lord»/«You've Got a Friend» av Aretha Franklin.[96] Mercury vart kremert ved Kensal Green Cemetery i London. Mercury ønskte at Mary Austin skulle ha oska hans og gravleggje han ein ukjend stad. Ein trur berre Austin veit kvar oska er, og ho har sagt ho aldri kjem til å avsløre kvar han er.[97][98]

I testamentet sitt etterlet Mercury det meste av rikdomen sin, inkludert heimen og plateinntektene, til Mary Austin og resten til foreldra og systera. Han etterlet ein halv million dollar til kokken sin, Joe Fanelli, ein halv million til den personlege assistenten Peter Freestone; hundre tusen dollar til sjåføren Terry Giddings; og ein halv million til Jim Hutton.[99] Austin bur framlei den tidlegare heime til Mercury, i lag med familien sin.[99] Ytterveggane av eigedomen har blitt ein heilagdom for fansen til Mercury, og veggane er dekte av graffiti.[100]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Det er usikkert kor mykje dødsfallet til Mercury har hatt og sei for populariteten til Queen. I USA var populariteten til Queen dalande i 1980-åra, men salet av Queen-albuma gjekk kraftig opp i 1992, året etter han døydde.[101] I 1992 skreiv ein amerikansk journalist «Det kynikarane kalla 'død stjerne'-faktoren har oppstått igjen - Queen er på rask veg oppover igjen.»[102] Filmen Wayne's World, som nytta «Bohemian Rhapsody», kom òg ut i 1992.[103] I følgje Recording Industry Association of America hadde Queen seld 34,5 million album i USA i 205, kring halvparten av dette etter at Mercury døydde i 1991.[104]

Ein voksfigur av Freddie Mercury i Madame Tussauds i London.

Det er estimert at Queen kan ha seld så mykje som 300 millionar plater verda over.[105] I Storbritannia har Queen lege totalt lenger på albumlista enn noko anna artist eller band (inkludert Beatles),[106] og Queen's Greatest Hits er det mestseljande albumet i Storbritannia nokon gong.[107] To av songane til Mercury, «We Are the Champions» og «Bohemian Rhapsody», er blitt kåra til dei beste songane gjennom tidene i store rundspørringar av Sony Ericsson[108] og Guinness rekordbok,[109]. Begge songane er innlemma i Grammy Hall of Fame.[110] I oktober 2007 vart videoen til «Bohemian Rhapsody» kåra til den beste gjennom tidene av lesarane til musikkmagasinet Q.[111]

Mercury vert ofte rekna blant dei største songane gjennom tidene. I januar 2009 hamna Mercury berre bak Robert Plant i ei rundspørjing om dei største stemmene i rocken på den digitale radiostasjonen Planet Rock.[112] I mai 2009 kåra Classic Rock Mercury til den beste rockesongaren.[5] I ei sjåarundersøking på BBC Two i 2010 i samband med serien I'm in a Rock 'n' Roll Band!, vart Mercury utvald til vokalisten i det ultimate fantasibandet.[113] I 2011 kåra lesarane av NME Mercury på andreplass, berre bak Michael Jackson, i ei liste over dei beste songarane gjennom tidene.[114] I 2011 stemnde lesarane av Rolling Stone Mercury til andreplass på lista over dei beste songarane.[115] I 2013 kåra lesarane av Gigwise Mercury til den beste frontmannen nokon gong.[116]

På det som ville ha vore 70-årsdagen til hans, 5. september 2016, vart ein asteroide kalla opp etter Mercury. Asteroiden fekk namnet 17473 Freddiemercury.[117]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg diskografien til Queen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Independent 2006
  2. Dance: Deux the fandangoWayback Machine (arkivert juni 15, 2011)..
  3. 3,0 3,1 «RollingStone.com – 100 Greatest Singers of All Time». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/music/lists/6027/32782. Henta 18. mai 2016. 
  4. «list». Amiannoying.com. http://www.amiannoying.com/(S(wwb0os55dj4oeh45sg3hgt3g))/collection.aspx?collection=534. Henta 18. mai 2016. 
  5. 5,0 5,1 Classic Rock, «50 Greatest Singers in Rock», May 2009
  6. Greg, Prato. «Freddie Mercury biography». AllMusic. http://www.allmusic.com/artist/p4899. Henta 18. mai 2016. 
  7. Birth certificate mr-mercury.co.uk
  8. «Freddie Mercury (real name Farrokh Bulsara) Biography». Inout Star. Arkivert frå originalen den 10 August 2011. https://web.archive.org/web/20110810151824/http://www.inoutstar.com/news/Freddie-Mercury-real-name-Farrokh-Bulsara-1876.html. Henta 11 July 2010. 
  9. "Linda B" 2000.
  10. Sky 1992, s. 8–9
  11. Das 2000.
  12. Queen Online – History: Freddie Mercury, Archived on 8 August 2010.
  13. 13,0 13,1 Jones 1998.
  14. Fitzpatrick, Liam (2006), Farrokh Bulsara, Arkivert frå den opphavlege versjonen den 23 May 2011, https://web.archive.org/web/20110523230337/http://www.time.com/time/asia/2006/heroes/at_bulsara.html, henta 18. mai 2016 
  15. Hodkinson 2004, s. 2,61.
  16. O'Donnell 2005.
  17. Lesley-Ann Jones (2012). «Mercury: An Intimate Biography of Freddie Mercury». s. 327. Simon and Schuster,
  18. Januszczak 1996.
  19. Plekhanov 2004, s. 91
  20. Davis 1996, s. 1,10
  21. Hodkinson, Mark (1995), Queen The Early Years, Omnibus Press, s. 117, ISBN 0-7119-6012-7 
  22. «The pub that hosted John lennon and Freddie Mercury needs your band... – Liverpool Echo – Jade's Music Blog». Musicblog.merseyblogs.co.uk. 8 August 2008. http://musicblog.merseyblogs.co.uk/2008/07/the-pub-that-hosted-john-lenno.html. Henta 8 February 2014. 
  23. Skala 2006.
  24. Highleyman 2005.
  25. SutcliffeHinceMack 2009, s. 22
  26. Evans, David; Peter Freestone (2001), Freddie Mercury: an intimate memoir by the man who knew him best, London: Omnibus, s. 108–9, ISBN 0-7119-8674-6, https://books.google.com/?id=AH8zZsbmB98C&pg=PA108#v=onepage&q 
  27. 27,0 27,1 Soto-Morettini, D. (2006), Popular Singing: A Practical Guide To: Pop, Jazz, Blues, Rock, Country and Gospel, A & C Black, ISBN 978-0713672664 
  28. Bret 1996, s. 26.
  29. 29,0 29,1 Cain 2006.
  30. Staff, NPR (25 April 2016). «Why Freddie Mercury's Voice Was So Great, As Explained By Science». NPR News «All Things Considered». http://www.npr.org/2016/04/25/475611808/why-freddie-mercurys-voice-was-so-great-as-explained-by-science. 
  31. «Scientists explain Freddie Mercury's incredible singing voice». 19 April 2005. http://www.foxnews.com/science/2016/04/19/scientists-explain-freddie-mercurys-incredible-singing-voice.html?utm_source=feedburner&utm_medium=feed&utm_campaign=Feed%3A+foxnews%2Fscitech+%28Internal+-+SciTech+-+Mixed%29/. 
  32. Herbert et al, Christian (15 April 2016). «Freddie Mercury—acoustic analysis of speaking fundamental frequency, vibrato, and subharmonics». http://www.tandfonline.com/doi/full/10.3109/14015439.2016.1156737#.VyTNYfkrLIU. 
  33. «Queen – Greatest Hits, Vols. 1». AllMusic. http://www.allmusic.com/album/greatest-hits-vols-1-2-r220568. Henta 18. mai 2016. 
  34. 34,0 34,1 34,2 Wenner 2001.
  35. 35,0 35,1 Queen 1992.
  36. Aledort 2003.
  37. Coleman 1981.
  38. Blaikie 1996.
  39. Ressner 1992
  40. Dr. Brian May, CBE. Gitarist. (19. mai 2016). «Happy birthday, Freddie Mercury». Googleblog.blogspot.com. http://googleblog.blogspot.com/2011/09/happy-birthday-freddie-mercury.html. Henta 19. mai 2016. 
  41. Minchin 2005.
  42. BBC News 2005b.
  43. McKee, Briony (13 July 2015). «30 fun facts for the 30th birthday of Live Aid». Hearst Corporation. http://www.digitalspy.com/music/feature/a658048/30-fun-facts-for-the-30th-birthday-of-live-aid/. 
  44. Harris 2005.
  45. Bret 1996, s. 91.
  46. Billboard – 16 Aug 1986. Books.google.com. Arkivert frå originalen.. https://books.google.com/books?id=4SQEAAAAMBAJ&pg=PT85&lpg=PT85&dq=queen+80,000+budapest+1986. Henta 18. mai 2016. 
  47. Jones 1999.
  48. Grech, Herman (20 November 2011), Mercury’s magic lives forever, Times of Malta, http://www.timesofmalta.com/articles/view/20111120/local/Mercury-s-magic-lives-forever.394705 
  49. 49,0 49,1 49,2 Jones, Lesley-Ann (2011), Freddie Mercury: The Definitive Biography, Hatchette, s. 3 chapter 7, Mary .
  50. 50,0 50,1 Longfellow 2006
  51. «Lights! Action! Sound! It's That Crazy Little Thing Called Queen». Queenonline.com. http://www.queenonline.com/en/the-band/interviews/queen/circus-1980/. Henta 18. mai 2016. 
  52. 52,0 52,1 52,2 Rees & Crampton 1999, s. 809.
  53. Rees & Crampton 1999, s. 811.
  54. Dafydd Rees, Luke Crampton (1999). «Rock Stars Encyclopedia». s. 811. DK Pub.,
  55. Mal:Harvp.
  56. Bradley 1992.
  57. Larkin, Colin (1998) The encyclopedia of popular music: Louvin, Charlie – Paul, Clarence, Volume 5 Page 3633. Macmillan, 1998
  58. Rees & Crampton 1999, s. 810.
  59. «Queen's Greatest Hits 3». BBC.co.uk. 7 April 2005. http://www.bbc.co.uk/dna/h2g2/A3818793. Henta 18. mai 2016. 
  60. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums. London: Guinness World Records Limited
  61. «Freddie Mercury – Collaborations: Michael Jackson». Ultimatequeen.co.uk. http://www.ultimatequeen.co.uk/songs/collabfreddie.htm. Henta 18. mai 2016. 
  62. Michael Jackson: the king of pop. Books.google.com. Arkivert frå originalen.. https://books.google.com/books?id=BVC9zltjf-EC&pg=PA90&dq=freddie+mercury+and+michael+jackson+-+state+of+shock#v=onepage&q=freddie%20mercury%20and%20michael%20jackson%20-%20state%20of%20shock&f=false. Henta 18. mai 2016. 
  63. «There Must Be More To Life Than This». Ultimatequeen.co.uk. http://www.ultimatequeen.co.uk/songs/mrbadguy.htm#there. Henta 18. mai 2016. 
  64. Smart, Gordon (12 November 2011) Michael Jackson and Freddie Mercury duet tapes to be released The Sun. Henta 13 November 2011
  65. «Queen set to release Freddie Mercury and Michael Jackson duets in 2012». NME.COM. 11 November 2011. http://www.nme.com/news/queen/60351. Henta 18. mai 2016. 
  66. Coulehan, Erin (29 July 2013). «Michael Jackson Duets With Freddie Mercury Set for Release». Rolling Stone Magazine. http://www.rollingstone.com/music/news/michael-jackson-duets-with-freddie-mercury-set-for-release-20130729. Henta 19. mai 2016. 
  67. Adam Unger. «QueenVault.com – Freddie +». Queenvaultom. http://www.queenvault.com/freddieplus.html. Henta 18. mai 2016. 
  68. Teckman 2004, part 2.
  69. Hauptfuhrer 1977.
  70. Laura Jackson. (2011). «Freddie Mercury: The biography». Hatchette
  71. Austin, Mary & Freddie Mercury. Interview with Midge Ure. The Mysterious Mr Mercury. BBC Radio 4. 12 November 2011. Retrieved on 12 November 2011.
  72. «The Star – AIDS Kills The King of Rock». Queen archives. 25 November 1991. http://www.queenarchives.com/index.php?title=Freddie_Mercury_-_11-25-1991_-_The_Star_-_AIDS_Kills_The_King_of_Rock. Henta 19. mai 2016. 
  73. Freddie's Loves, Channel 5 .
  74. Sweeney, Ken (4 January 2010), «Partner of Queen star Freddie buried», Irish Independent (Dublin), http://www.independent.ie/national-news/partner-of-queen-star-freddie-buried-1997689.html, henta 19. mai 2016 
  75. Hutton 1994.
  76. «Do I Look Like I'm Dying Of Aids? Fumes Freddie», The Sun, 18 October 1986 .
  77. Teeman 2006
  78. Bret 1996, s. 138
  79. The Highs and Lows of the Brit Awards, News.bbc.co.uk, 2 December 1999, http://news.bbc.co.uk/hi/english/static/events/brit_awards/freddy.htm, henta 18. mai 2016 
  80. «Queen, Freddie Mercury, Roger Taylor, Brian May, BRITS 1990». Brts.co.uk. http://www.brits.co.uk/artist/freddie-mercury. Henta 18. mai 2016. 
  81. Jackson 1997.
  82. Tragic Face of Freddie Mercury The Sun
  83. Ressner 1992.
  84. Sky 1992, s. 163
  85. 85,0 85,1 Bret 1996, s. 179.
  86. «Heir Apparent With Freddie Mercury Dead And Queen Disbanded, Brian May Carries On The Tradition». Queenarchives.com. http://www.queenarchives.com/index.php?title=Brian_May_-_04-02-1993_-_Sacramento_Bee. Henta 18. mai 2016. 
  87. Sherwin, Adam (30 May 2011), Final Freddie Mercury performance discovered, London, http://www.independent.co.uk/arts-entertainment/music/news/final-freddie-mercury-performance-discovered-2290788.html, henta 18. mai 2016 
  88. 88,0 88,1 Inside the studio where Freddie Mercury sang his last song, The Telegraph, 25 October 2015, http://www.telegraph.co.uk/culture/music/music-news/10486116/Inside-the-studio-where-Freddie-Mercury-sang-his-last-song.html 
  89. 89,0 89,1 89,2 «Mary Austin Shares Her Memories – March, 17th 2000». Freddie.ru. http://www.freddie.ru/e/archives/ok/. Henta 18. mai 2016. 
  90. 1991: Giant of rock dies, News.bbc.co.uk, 24 November 1991, http://news.bbc.co.uk/onthisday/hi/dates/stories/november/24/newsid_2546000/2546945.stm, henta 18. mai 2016 
  91. Biography Channel 2007.
  92. This week the Queen idol would've been 65... now pop star Dave Clark reveals: 'Freddie chose to die when his life stopped being fun', London, 9 September 2011, http://www.dailymail.co.uk/tvshowbiz/article-2035367/Dave-Clark-reveals-Freddie-Mercury-chose-die-life-stopped-fun.html, henta 18. mai 2016 
  93. «CEEFAX: Singer Freddie Mercury dies, aged 45». http://teletext.mb21.co.uk/gallery/ceefax/cx_merc2.gif. Henta 19. mai 2016. 
  94. «Elton's Sad Farewell». Mr-mercury.co.uk. http://mr-mercury.co.uk/sun_28_11_91.htm. Henta 18. mai 2016. 
  95. «Freddie, I'll Love You Always». Mr-mercury.co.uk. http://mr-mercury.co.uk/nov_28_91_mirror_freddie.htm. Henta 18. mai 2016. 
  96. David Bret (2014). «Freddie Mercury: An Intimate Biography». s. 198. Lulu.com
  97. The Encyclopedia of Dead Rock Stars: Heroin, Handguns, and Ham Sandwiches. Books.google.com. Arkivert frå originalen.. https://books.google.com/books?id=bMBf3TYZigQC&pg=PA282&dq=freddie+mercury+ashes#v=onepage&q=freddie%20mercury%20ashes&f=false. Henta 18. mai 2016. 
  98. Wigg, David (30 March 2013), Freddie Mercury: Queen star's lover Mary Austin cursed by his fortune, London, http://www.dailymail.co.uk/femail/article-2301718/Freddie-Mercury-Queen-stars-lover-Mary-Austin-cursed-fortune.html, henta 18. mai 2016 
  99. 99,0 99,1 Wigg 2000.
  100. Kenneth Womack, Todd F. Davis (2012). "Reading the Beatles: Cultural Studies, Literary Criticism, and the Fab Four". p. 174. SUNY Press.
  101. RIAA 2007.
  102. Brown 1992.
  103. Billboard 25 July 1992. s.8. Books.google.com. Arkivert frå originalen.. https://books.google.com/books?id=hxAEAAAAMBAJ&pg=PA8&dq=queen+waynes+world#v=onepage&q&f=false. 
  104. «Gold & Platinum – 22 November 2009». RIAA. http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?table=tblTopArt. Henta 19. mai 2016. 
  105. Cota 2006
  106. BBC 2005a.
  107. Brown 2006.
  108. Haines 2005
  109. CNN 2002
  110. «Grammy Hall of Fame Award». The GRAMMYs. http://www.grammy.org/recording-academy/awards/hall-of-fame. Henta 18. mai 2016. 
  111. BBC News 2007.
  112. The Top 40 Greatest Voices in Rock, London, http://www.thesun.co.uk/sol/homepage/showbiz/music/article2090095.ece, henta 18. mai 2016 
  113. «Radio 2 – Rock And Roll Band". BBC. Henta 19. mai 2016
  114. «The greatest songarar ever». NME.COM. http://www.nme.com/photos/the-greatest-songarar-ever-as-voted-by-you/219416/1/1#19. Henta 18. mai 2016. 
  115. «2. Freddie Mercury». Readers Pick the Best Lead Singers of All Time. Rolling Stone. 12 April 2011. Arkivert frå originalen den 15 April 2011. https://web.archive.org/web/20110415091916/http://www.rollingstone.com/music/photos/rolling-stone-readers-pick-the-best-lead-singers-of-all-time-20110412/2-freddie-mercury-0762142. Henta 9 March 2014. 
  116. «Gigwise readers name Queen star Freddie Mercury the best frontman of all time». GIGWISE.com. http://www.gigwise.com/news/82101/gigwise-readers-name-freddie-mercury-the-best-frontman-of-all-time. Henta 18. mai 2016. 
  117. Asteroide oppkalt etter Freddie Mercury, 6. september 2016, https://www.nrk.no/kultur/asteroide-oppkalt-etter-freddie-mercury-1.13123276, henta 6. september 2016 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Freddie Mercury
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Freddie Mercury