Freddy
Hopp til navigering
Hopp til søk

Freddie Mercury, helsa med «Ready Freddie» i songen «Crazy Little Thing Called Love».
Freddy og Freddie er opphavleg engelske kjæleformer av mannsnamna Fred og Frederick, som begge er knytte til tydinga 'fred'. Utanfor Storbritannia er dei også blitt tekne i bruk som døypenamn. Freddy har norsk namnedag den 14. november.
Freddie er også ein del brukt som kvinnenamn, og kan vera avleidd frå Alfreda, Frederica og Winifred.[1]
Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]
- Freddie Hubbard (f. 1938), amerikansk jazztrompetist
- Freddie Mercury (1946–1991), britisk songar
- Freddy Lindquist (f. 1946), norsk gitarist
- Freddy Kjensmo (f. 1964), norsk komikar og forfattar
- Freddie Prinze, Jr. (f. 1976), amerikansk skodespelar
- Freddy dos Santos (f. 1976), norsk fotballspelar
- Freddy Adu (f. 1989), amerikansk fotballspelar
- Freddie Highmore (f. 1992), engelsk skodespelar
Annan bruk[endre | endre wikiteksten]
- Freddie Mac er eit halvstatleg amerikansk selskap (Federal Home Loan Mortgage Corporation)
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Søk etter norsk namnestatistikk for Freddy hjå Statistisk Sentralbyrå
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Freddy» frå Wikipedia på bokmål, den 13. november 2008.